Wollemia

planteslekt

Wollemia er ei planteslekt som berre omfattar den nolevande arten Wollemia nobilis.

Wollemia
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Pteridobiotina
Overrekkje: Cycadophytanae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Kranstrefamilien Araucariaceae
Slekt: Wollemia
W.G.Jones, K.D.Hill & J.M.Allen, 1995

Namnet stammar frå Wollemi National Park i New South Wales i Australia der planteslekta først blei oppdaga i 1994.[1]

Potter med Wollemia ved sida av fossil av ein liknande art

Slekta er plassert i kranstrefamilien etter samanlikning med både nolevande og fossile artar i denne familien. Det finst mange fossil som liknar og kanskje er nærskylde artar. Desse fossila har ein hittil berre funne i Australia, New Zealand og Antarktis, men Wollemia nobilis er den einaste kjende nolevande arten i slekta.

Kjelder

endre
  1. «Wollemia nobilis: The Australian Botanic Garden, Mount Annan - April». Royal Botanic Garden, Sydney. Arkivert frå originalen 19. oktober 2015. Henta 30. oktober 2015.