Woodrow Tracy Harrelson (fødd 23. juli 1961), kjend som Woddy Harrelson, er ein amerikansk fjernsyns- og filmskodespelar. Han vart kjend for rolla som Woody Boyd i situasjonskomedien Cheers på 1980-talet. Mellom dei best kjende filmrollene hans er Mickey Knox i Natural Born Killers, Larry Flynt i The People vs. Larry Flynt og Dusty i A Prairie Home Companion. Harrelson er Emmy-løna og han vart nominert til Oscar for rolletolkinga si i filmen om Larry Flynt.

Woody Harrelson
Woody Harrelson 2009.jpg
Fødd 23. juli 1961
Midland
Yrke fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skodespelforfattar, teaterskodespelar, produsent, teaterregissør, filmregissør, manusforfattar, filmprodusent, stemmeskodespelar
Woody Harrelson på Commons

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Woody Harrelson
  Denne filmartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.