Worshipful Company of Upholders

Worshipful Company of Upholders er eit gammalt laug, eit livery company, i City of London. «Upholder» er ei arkaisk form av upholsterer, som tyder ‘møbelpolstrar’. I eldre tid dreiv folk innan dette yrket både med tillaging og sal av polstra møblar, og kunne også driva med anna møbelsnikkararbeid, interiørvarer, taksering, auksjonar og gravferdsarbeid.

Worshipful Company of Upholders
Skipa1. mars 1360
Nettstadhttps://upholders.co.uk/ Sjå dette på Wikidata
Plaque noting the site of the Upholders' Hall, which was destroyed in 1666.

Lauget blei skipa 1. mars 1360 og offisielt gjeve eit kongeleg charter av Karl I i 1626. Det hadde opphavleg retten til å setja standardar for polstring i London, og å leita etter, konfiskera og øydeleggja polstra varer som ikkje nådde standarden. Over tid mista lauget mykje av makta si, og gjekk som polstringsyrket tilbake etterkvart som det blei utvikla ny teknologi.[1]

Polstrarar arrangerte gravferda til admiral lord Nelson, og lauget omfattar framleis gravferdsbyrå.[1]

Lauget gjev støtte til handverket og handverkarar innan faget gjennom velgjerdsorganisasjonane sine som Peter Jackson Charity og Neville Hayman Charity. Det har særleg tette band til TS Upholder, ei sjøkadetteining i Chelmsford.

Lauget og laugsmedlemmane er aktivt involverte i mange organisasjonar i City of London, mellom anna Castle Baynard Ward Club, ettersom lauget hadde laugshallen sin i i denne warden fram til bybrannen i London i 1666. Mottoet til lauget er Sustine Bona, latin for ‘hald oppe det gode’.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Upholders». The Upholders' Company. 

Bakgrunnsstoff

endre
  • John Houston, Feather Bedds and Flock Bedds