Wyomia Tyus (fødd 29. august 1945) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Griffin i delstaten Georgia. Ho vann tre olympiske gullmedaljar og eitt sølv på sprintøvingar i 1964-68. Hennar personlege rekordar er 11,08 på 100 m og 23,08 på 200 m, begge frå OL-finalane i 1968.

Wyomia Tyus

Statsborgarskap USA
Fødd 29. august 1945 (78 år)
Griffin
Yrke sprintar, friidrettsutøvar
Høgd 172 centimeter
Wyomia Tyus på Commons

Tyus deltok i Sommar-OL 1964 i Tokyo, der ho i eit mellomheat med tida 11,2 sekundar tangerte verdsrekorden på 100 meter, tilhøyrande Wilma Rudolph. I finalen vann ho gullmedaljen på tida 11,4, to tidels sekund framom landskvinna Edith McGuire. På avslutningsdagen i leikane fekk ho sølv då ho sprang andreetappen på USA sitt lag i 4 x 100 m stafett, det polske laget vann ganske klart.

I dei neste åra vann ho fleire nasjonale meisterskap på sprintdistansene, og i 1967 sigra ho på 200 meter ved dei panamerikanske leikane i Winnipeg. Under dei olympiske leikane i Mexico-byen hausten 1968 forsvarte ho OL-tittelen på 100 meter med ny verdsrekord i finalen; 11,0. På 200-meteren enda ho på sjetteplass, før ho så som ankerkvinne på det USA-amerikanske laget i 4 x 100 meter stafett passerte målstreken til ny verdsrekord, 42,88 sekundar, etter at Margaret Bailes, Barbara Ferrell og Mildrette Netter hadde lagt grunnlaget for rekorden. aa

Kjelder endre