Winnipeg
Winnipeg (uttalt /ˈwɪnɨpɛɡ/) er hovudstaden og største byen i provisen Manitoba i Canada. Han ligg nær den midtre breiddegraden i Nord-Amerika, i kryssinga for dei historiske elvene Red og Assiniboine, eit punkt som i dag blir omtalt som The Forks (Skiljevegane). Winnipeg er eit kulturelt og økonomisk regionssenter, og over halve folkesetnaden frå Manitoba bur i og rundt storbyområde som er det åttande største storbyområde i Canada og den sjuande største kommunen. Folkesetnaden i storbyområdet var den 1. juli 2008 på kring 719 200 innbyggjarar. Ein person frå Winnipeg blir kalla ein winnipeggar.
Winnipeg | |||
by | |||
|
|||
Motto: Unum Cum Virtute Multorum | |||
Kallenamn: Gateway to the West, Heart of the Continent, The Peg | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Region | Winnipeg Capital Region | ||
Provins | Manitoba | ||
Del av | Manitoba | ||
Høgd | 238 m | ||
Areal | 464,01 km² | ||
Folketal | 749 607 (2021) | ||
Grunnlagd | 1738 | ||
Postnummer | R2C–R3Y | ||
Retningsnummer | 204 | ||
Winnipeg 49°53′44″N 97°08′19″W / 49.895555555556°N 97.138611111111°W | |||
Wikimedia Commons: Winnipeg |
Historie
endreFør europeisk oppdaging
endreWinnipeg ligg i kryssinga mellom elvene Red og Assiniboine som i dag er kjent som The Forks, eit historisk område for kanoruter, der urfolket ferda i tusenvis av år. Omsett til vestleg tyding er namnet Winnipeg det same som «grumsa vatn». Arkeologiske utgravingar og studering av spor i naturen har vist at dei innfødde brukte området i tusenvis av år til camping, jakt og fiske, samt handel og jordbruk.
Kolonisering
endreDei første europearane som oppdaga området var franskmenn som kom dit i 1738. Sieur de la Vérendrye bygde den første handelslenkja på staden, kalla Fort Rouge. Handelen deira pågjekk i mange tiår fram til Hudson's Bay Company etablerte seg. Franskmennene blanda seg etter kvart med urfolkesetnaden både genetisk og sosialt. Desse menneska vart kalla métis, og knytte nære band mellom dei ulike folkegruppene etterkvart som koloniseringa ekspanderte. Lord Selkirk var involvert i den første permanente busetjinga Red River Colony, som låg på eit landområde kjøpt av Hudson's Bay Company. The North West Company grunnla Fort Gibraltar i 1809, og Hudson's Bay Company grunnla Fort Douglas i 1812. Dei to selskapa kjempa om handelsmajoriteten, både mot kvarandre og dei busette, og øydela mange bygningar i kampane. Det mest kjende slaga var mellom métisane og kolonistane til Lord Selkirk, kalla «Battle of Seven Oaks» (slaget om dei sju eiketrea) i 1816.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Winnipeg» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juli 2011.