XMM-Newton (stutt for X-ray Multimirror Mission-Newton) er eit ESA-romteleskop som observerer i røntgenstrålingsområdet, mellom 0,1 og 10 keV. Det vart skote opp 10. desember 1999 frå Korou i Fransk Guyana.

Etterlikning av XMM-Newton i Toulouse

Mellom dei vitskaplege måla til XMM-Newton er å forstå den diffuse røntgenstrålingsbakgrunnen, kartleggja gassen i galaksehopar som sender ut røntgenstråling og gjera spektrale undersøkingar av supernovarestar i nærliggjande galaksar.

Kjelder

endre