Xing Huina
Xing Huina (fødd 25. februar 1984) er ein kinesisk tidlegare langdistanseløpar som i 2004 vart olympisk meister på 10 000 meter under Sommar-OL i Aten.
Xing Huina | |
Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
Fødd | 25. februar 1984 (40 år) Weifang |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Asialeikene 2002 |
Xing sette juniorverdsrekord på 10 000 m då ho VM-debuterte i Paris i 2003, den gode tida 30.31,5 heldt likevel ikkje til betre enn ein sjuandeplass i løpet. Ho deltok også på 5 000 meter, men var eit godt stykke unna å kvalifisere seg til finalen. Under Sommar-OL 2004 i Aten vart Xing nummer ni på 5 000 meter. Fire dagar seinare overraska ho med å vinne den olympiske gullmedaljen på 10 000 meter framfor tre løparar frå Etiopia, hundre meter frå mål spurta ho forbi sølvvinnar Ejegayehu Dibaba og sette personleg rekord med 30.24,3.
I Friidretts-VM 2005 i Helsinki vart Xing nummer fire i milløpet, sekundet bak bronsevinnarar Ejegayehu Dibaba. Ei veke etter gjorde Xing livs fortaste 5 000 meter, med tida 14.43,6 enda ho på femteplassen i 5 000-meterløpet under den same verdsmeisterskapen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Xing Huina» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2018.