Yade er ein serie på tre ulike sjokoladeprodukt laga og distribuert av Nidar AS. Produktet vart selt for første gong i 2007.

Alle Yade-sjokoladane er laga av mjølkesjokolade på eit tynt underlag av mørk sjokolade. Dei har eit trekanta brytesnitt, noko som gjer at Yade skil seg ut frå andre norske sjokoladetypar.

Yade-serien endre

Dette er alle typane Yade-sjokoladar som er i sal i dag. Dei skil seg frå kvarandre med ulike farger på emballasjen.

  • Yade Kakaotrøffel (raud)
  • Yade Kaffe Latte (lilla)
  • Yade Trippelsjokolade (gul)

Ein variant er fasa ut av serien til no; Yade Karamelliserte Nøtter (grøn) som vart bytta ut med Yade Kaffe Latte.

Kjelder endre