Yakhtul
Yakhtul er ein stor fiskarlandsby i Taiz guvernement sørvest i Jemen. Yakhtul ligg kring 15 km nord for Mokka.[1][2] I landsbyen ligg mange kvite hus, Yakthul-moskeen og ein skule.
Yakhtul | |||
landsby | |||
Land | Jemen | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Taiz guvernement | ||
Distrikt | Al Mukha-distriktet | ||
Koordinatar | 13°26′53″N 43°16′12″E / 13.44806°N 43.27000°E | ||
Yakhtul 13°26′53″N 43°16′12″E / 13.4481°N 43.27°E | |||
Kart som viser Yakhtul.
|
Historie
endreUnder fyrste verdskrigen bombarderte britiske partruljefartøy Dhubab fort i november 1914 og opna eld mot Yakhtul den 8. desember 1914, og øydela 7 eller 8 dhow-båtar som låg der.[3]
Geografi
endreYakhtul ligg ved kysten av Raudehavet, inst i ei grunn bukt, kring 15 km nord for Mokka.[2] Jirdan ligg lenger nord for Yakhtul, med 'Abus i søraust og Kudhaysah i nordaust.[4][5] Den 15 km lange strekket mellom Yakhtul og Marsa Farjah har mange sand- og korallområde som gjev sjøen ein mørkegrå farge. Mellom Yakhtul og Al Zahari er det palmelundar ved kysten. [6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yakhtul» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Niebuhr, Carsten (1889). ... Description of Arabia made from personal observations and information collected on the spot by Carsten Niebuhr. s. 74. Henta 26. mai 2016.
- ↑ 2,0 2,1 Tighe, Joanne P. Nestor (1981). Maternal and infant nutrition reviews: a guide to the litteratur. International Nutrition Communication Service, Education Development Center, Inc. s. 25. Henta 26. mai 2016.
- ↑ Serjeant, Robert Bertram; Bidwell, Robin Leonard (21. juli 2005). Arabian Studies. Cambridge University Press. s. 29. ISBN 978-0-521-01729-9. Henta 26. mai 2016.
- ↑ Maps (Map). Google Maps.
- ↑ Bing Maps (Map). Microsoft og Harris Corporation Earthstar Geographics LLC.
- ↑ Varisco, Daniel Martin; Ross, James Perran; Milroy, Anthony (1992). Biological diversity assessment of the Republic of Yemen. International Council for Bird Preservation. s. 14. Henta 26. mai 2016.