Taiz
تعز
guvernement
Land  Jemen
Koordinatar 13°34′N 44°01′E
Hovudstad Ta'izz
Areal 12 605 km²
Folketal 2 885 000  (2011)[1]
Folketettleik 229 / km²
Kart
Taiz guvernement
13°30′ N 44°0′ E
Wikimedia Commons: Taiz Governorate

Taiz (arabisk تعز, Ta'izz) er eit guvernement i Jemen. Det administrative senteret er Taiz, som er den tredje største byen i landet. Andre store byar i regionen er Al Sawa, Juha og den kjende kaffi-hamnebyen Mokka. Guvernementet har like under 3 millionar innbyggjarar. Taiz by er eit stort senter for islamsk lære i Jemen og var hovudstaden i landet frå 1948 til 1962. Han er ikkje like gammal som dei nærliggande byane Ibb og Jibla. I dag er han det viktigaste handelssenteret i Jemen fordi han ligg nærmast dei rikaste jordbruksområda i landet og ligg nær hamnebyen Mokha. Han har òg ei internasjonal lufthamn, Taiz internasjonale lufthamn, med fleire ruter innan Jemen og til nabolanda.

Geografi endre

For å ha eit så pass lite areal, har Taiz guvernement ein særs variert geografi. Den vestlege halvdelen av guvernementet er ein del av kystsletta Tihamah og er særs varm og fuktig med særs lite nedbør. Den austlege halvdelen er fjelldominert med fleire toppar over 3000 meter, som Jebel Saber, nær Taiz by. Desse fjella fangar fukta i dei øvre luftlaga mellom april og oktober, slik at nedbørsmengdene aukar frå 200 mm i forberga til meir enn 1000 mm nær Jebel Saber. Temperaturane i høglandet er høge på dagtid, men i dei høgaste områda kan temperaturen falle til ned mot -5 °C om natta.

Økonomi endre

Jordbruket reflekterer den geografiske variasjonen. I Tihamah-området er det berre jordbruk basert på kunstig vatning med bomull, durra og sesam som dei viktigaste avlingane. I innlandet finn ein òg desse avlingane, men òg mange andre som veks i regnet, som mango, papaya og banan i forberga og høgare oppe kaffi og khat. Sjølv om det ikkje er lov med vin i Jemen, på grunn av alkoholinnhaldet, vert det likevel dyrka druer for å produsere rosiner i somme område.

Distrikt endre

Kjelder endre

  1. «Statistical Yearbook 2011». Central Statistical Organisation. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 28. mai 2016.