Yalamlam
Yalamlam (arabisk يلملم) er ein by i Mekka-provinsen i Saudi-Arabia i Yalamlamdalen. Han ligg kring 100 km sørvest for Mekka og 90 km nord for Al Lith. Den vesle byen er ein miqat, ein grensestad for hadjreisa, som var utpeikt av den islamske profeten Muhammed. Hadj-pilegrimar frå Jemen og land sør for Mekka nyttar denne staden som sin miqat. Yalamlam består i dag av ein liten souk med ein moské som kan husa 1 500 menneske.[1]
-
Yalamlam-moskeen
Yalamlam | |||
Miqat Yalamlam (ميقات يلملم) | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Provins | Mekka | ||
Koordinatar | 20°31′4.3″N 39°52′12.8″E / 20.517861°N 39.870222°E | ||
Grunnlagd | 590+ evt. | ||
Tidssone | EAT (UTC+3) | ||
• Sommartid | EAT (UTC+3) | ||
Postnummer | (5 tal) | ||
Retningsnummer | +966- | ||
Yalamlam 20°31′04″N 39°52′13″E / 20.5179°N 39.8702°E | |||
Kart som viser Yalamlam.
| |||
Wikimedia Commons: Yalamlam |
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Yalamlam», Hajj and Umrah Planner (på engelsk), 10. april 2017, henta 28. november 2019