Jams

(Omdirigert frå Yams)

Jams eller yams er det vanlege namnet for nokre artar i planteslekta Dioscorea. Dei er tropiske slyngeplanter med store, stivelseshaldige rot- og stengelknollar som kan etast. Dei kan innehalde ei gift som forsvinn når dei vert kokte.

Yams på ein marknad.

Nytta av dei kan samanliknast med potet og søtpotet. Det finst fleire hundre sortar innanfor dei dyrka variantane. Jams er eit viktig næringsmiddel i Vest-Afrika.

Største produsentar - 2005
(i millionar tonn)
 Nigeria 26,6
 Ghana 3,9
 Elfenbeinskysten 3,0
 Benin 2,3
 Togo 0,6
 Colombia 0,3
Totalt i verda 39,9
[1]

Kjelder

endre