Yasøya (arabisk جزيرة ياس) er ei kunstig øy i Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata.

Yasøya
øy
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Abu Dhabi
Koordinatar 24°30′N 54°36′E / 24.500°N 54.600°E / 24.500; 54.600
Kart
Yasøya
24°30′N 54°36′E / 24.5°N 54.6°E / 24.5; 54.6
Wikimedia Commons: Yas Island

Utviklinga av øya starta i 2006 med mål om gjere ho til eit fleirbruksområde for fritidsaktivitetar, shopping og underhaldning. Den estimerte, totale kostnaden er over 40 milliardar dollar. Denne investeringa var planlagt i fleire fasar fram til 2018.[1]

Øya dekkjer i alt 25 km². Yas Marina-banen ligg på øya, som har vore vertskap for Formel 1 Etihad Airways Abu Dhabi Grand Prix sidan 2009.[2]

I 2010 opna Ferrari World, ein underhaldningspark, på øya.[3] Her finn ein Formula Rossa, som er den raskaste berg-og-dalbanen i verda med ein snøggleik på 240 km/t.[4] Yas Waterworld er ein annan fornøyelsespark.

Kjelder

endre
  1. «Yas Island leisure destination in Abu Dhabi». dubaifaqs.com. Henta 6. juni 2016. 
  2. «Yas Island leisure destination in Abu Dhabi». dubaifaqs.com. Henta 6. juni 2016. 
  3. «Ferrari World Abu Dhabi Fun Facts». ferrariworldabudhabi.com. Arkivert frå originalen 6. januar 2014. Henta 6. juni 2016. 
  4. «World's Fastest roller coaster». ferrariworldabudhabi.com. Henta 6. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre