Yasmani Copello Escobar (fødd 15. april 1987) er ein cubansk-fødd hekkeløper som representerer Tyrkia.[1]

Yasmani Copello

Statsborgarskap Cuba, Tyrkia
Fødd 15. april 1987 (36 år)
Havanna
Yrke friidrettsutøvar
Språk spansk, tyrkisk
Høgd 1,91 meter
Yasmani Copello på Commons

Copello representerte Cuba mellom anna i CAC-meisterskapen i friidrett i 2008 og 2009. Han flytta til Tyrkia i 2012, fekk tyrkisk statsborgarskap i 2013, og vart klarert av IAAF til å representera Tyrkia den 30. april 2014.[2] Han representerte Tyrkia under VM i friidrett 2015 i Beijing, der han vart nummer 6 på 400 meter hekk.[3] I Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro vann han ein bronsemedalje i 400 meter hekk.[4] Under Friidrett-VM 2017 i London tok Copello sølvmedalje bak Karsten Warholm.[5] Det same hende under EM i friidrett 2018 i Berlin.

Referansar endre

  1. Sæther, Esten O. (9. august 2018). «Passet hans er en skandale. Warholms rival skulle aldri fått lov til å løpe i EM». Dagbladet. Henta 9. august 2018. 
  2. «European Athletics - Athlete: Yasmani Copello Escobar». european-athletics. 
  3. Results of Beijing IAAF World Championships, arkivert frå originalen 10. august 2017, henta 10. august 2018 
  4. «Esta medalla no es para Cuba, afirma vallista Yasmani Copello».  
  5. «Warholm tok VM-gull: – Det er verdens beste følelse!». NRK. 9. august 2017.