Yavne'el (hebraisk skrift יַבְנְאֵל) er ein moshava og ein lokal kommune i Nord distrikt i Israel. Han er ein av dei eldste jødiske landsbyane i landet.[2]

Yavne'el
יַבְנְאֵל
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°42′34.19″N 35°29′57.84″E / 32.7094972°N 35.4994000°E / 32.7094972; 35.4994000
Areal 31,7 km²
Folketal 3 100  (2008)[1]
Folketettleik 98 / km²
Grunnlagd 1901
 •  Bystatus 1951
Borgarmeister Snir Arish
Kart
Yavne'el
32°42′34″N 35°29′58″E / 32.709497°N 35.4994°E / 32.709497; 35.4994
Wikimedia Commons: Yavneel

Historie

endre
 
Yavne'el i 1910.

Yavne'el er kalla opp etter ein landsby som høyrte til Naftali-stamma (Jos 19:33), som ein trur kan ha lege på ein tel nord for landsbyen.

Landsbyen vart grunnlagd av Jewish Colonization Association på landområdet kjøpt opp av Baron Rothschild av innbyggjarar frå Horan og Metula.

Han ligg sørvest for Tiberias og vart lokal kommune i 1951. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde Yavne'el eit folketal på 3 100 i 2008, med ein vekstrate på 1,4 %. Den lokale kommunen er ansvarleg for Yavne'el, Beit Gan, Mishmar HaShlosha og Smadar. Fleire organisasjonar vart grunnlagde i Yavne'el, inkludert den israelske bondeunionen, Galileaskvadronen og Golanbrigaden.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre