Yazd-provinsen
Yazd-provinsen (persisk استان یزد, Ostān-e Yazd) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sentralt i landet og provinshovudstaden er byen Yazd. I 2014 vart han plassert i Region 5.[2] Provinsen dekkjer eit areal på 131 575 km² og er delt inn i ti fylke: Abarkuh fylke, Ardakan fylke, Bafq fylke, Behabad fylke, Khatam fylke, Mehriz fylke, Meybod fylke, Ashkezar fylke, Taft fylke og Yazd fylke. I 2016 hadde provinsen 1,1 millionar innbyggjarar.[3]
Yazd-provinsen | |||
استان یزد | |||
Provins | |||
Med klokka frå øvst til venstre: Meybod sett frå Narin Qaleh, Stilletårnet utafor Yazd, Amir Chakhmaq-moskeen og Kharanaq i Ardakan fylke.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Region 5 | ||
Fylke | 10 | ||
Hovudstad | Yazd | ||
Areal | 129 285 km² | ||
Folketal | 1 138 533 (2016) [1] | ||
Folketettleik | 9 / km² | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
![]() Yazd-provinsen | |||
Wikimedia Commons: Yazd Province | |||
GeografiEndra
Yazd-provinsen ligg i ein oase der ørkenane Dasht-e Kavir og Dasht-e Lut møter kvarandre. Sjølve byen vert stundom kalla «brura til Kavir» på grunn av plasseringa i ein dal mellom Shir Kuh, det høgaste fjellet i regionen på 4 075 meter over havet, og Kharaneq. Sjølve byen ligg 1 203 meter over havet.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Yazd Province» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «National census 2016». amar.org.ir. Henta 6. mars 2021.
- ↑ «همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.
- ↑ http://iran.unfpa.org/Documents/Census2011/2011 %20Census%20Selected%20Results%20-%20Eng.pdf[daud lenkje]