Yeşim Ustaoğlu (fødd 18. november 1960) er ein tyrkisk filmskapar og manusforfattar.[1][2] Før ho laga sin første langfilm, İz (engelsk The Trace) i 1994, hadde ho laga fleire prisvinnende kortfilmar.

Yeşim Ustaoğlu
La cinéaste turque Yeşim Ustaoğlu (2).JPG
Fødd 18. november 1960
Sarıkamış
Yrke filmregissør, manusforfattar, arkitekt
Yeşim Ustaoğlu på Commons

Ustaoğlu fekk internasjonal heider for den neste filmen hennar, Güneşe Yolculuk (engelsk Journey to the Sun), som fortalde historia om venskapen mellom ein tyrkar og ein kurdar.[1] Den fjerde filmen hennar, Pandora'nın Kutusu (engelsk Pandora's Box) vann prisane for beste film og beste kvinnelege skodespelar under Filmfestivalen i San Sebastián i Spania, og er den største internasjonale suksessen for Ustaoğlu hittil.[3]

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 «Yesim Ustaoglu, Journey to the Sun» (engelsk). (engelsk).
  2. Gönül Dönmez-Colin (2006). Cinemas of the Other: A Personal Journey with Film-makers from the Middle and Central Asia. ISBN 1841501433. 
  3. «San Sebastian picks ‘Pandora’s Box’» (engelsk). (engelsk).

BakgrunnsstoffEndra