Yooka-Laylee and the Impossible Lair

Yooka-Laylee and the Impossible Lair er eit plattformspel utvikla av Playtonic Games og utgjeve av Team17. Det er ein spin-off av Yooka-Laylee frå 2017, og vart utgjeve digitalt til Microsoft Windows, PlayStation 4, Xbox One og Nintendo Switch i oktober 2019, der dei tre sistnemde plattformene òg fekk fysiske utgjevingar i ettertid.[1]

Yooka-Laylee and the Impossible Lair
Utviklar(ar)Playtonic Games
Utgjevar(ar)Team17
DistributørSteam, Epic Games Store, Nintendo eShop, Amazon Luna, PlayStation Store, Humble Store, GOG.com, Microsoft Store
Komponist(ar)Grant Kirkhope
David Wise
Matt Griffin
Dan Murdoch
SerieYooka-Laylee
SpelmotorUnity
Plattform(er)Microsoft Windows
PlayStation 4
Xbox One
Nintendo Switch
Utgjeving8. oktober 2019
SjangerPlattform
Spelemoduseinspelar
Nettstadhttps://www.playtonicgames.com/
Del av serien Yooka-Laylee⠀
←Yooka-Laylee  ·

Spelet er eit sidescrollande plattformspel i 2D, der spelaren kontrollerer kameleonen Yooka og flaggermusa Laylee for å fullføre ulike nivå. I nivåa er målsettinga å samle fjører og spesielle myntar, i tillegg til å frigjere ein «Beetalion»-medlem. Desse medlemmene gjev Yooka og Laylee ein ekstra sjanse som dei kan bruke i det endelege og vanskelegaste nivået i spelet.

Eit særtrekk med spelet er at det er mogeleg å gå inn i det siste nivået kva tid som helst i spelet, sjølv om spelet oppmodar spelaren til å først sikre seg ekstra sjansar ved å greie dei andre nivåa først. Kvart nivå i spelet har òg alternative utgåver, som spelaren kan aktivere med å gjere ting i hubverda som koplar nivåa saman.[2]

Kjelder endre

  Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.