You Got What It Takes

You Got What It Takes
Singel av Marv Johnson
frå albumet Marvelous Marv Johnson
B-side

«Don't Leave Me»

Utgjeve 1959
Innspelt 1959
Sjanger rhythm and blues
Selskap United Artists
Låtskrivar(ar) Tyran Carlo, Gwen Fuqua, Berry Gordy, Jr., Marv Johnson[1]

«You Got What It Takes» er ein song frå 1958 av Bobby Parker. Parker hevda han skreiv songen og namnet hans er på utgjevinga frå 1958. Seinare versjonar er derimot tilskriven Berry Gordy, Gwen Gordy, Billy Davis og stundom Marv Johnson.

I 1959 gav Marv Johnson ut songen og i USA nådde songen andreplassen på Black Singles-llista og 10. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1960.[2][3] Songen nådde sjuandeplassen på UK Singles Chart.

Andre versjonar endre

Songen vart gjeven ut som «You've Got What It Takes» av The Lana Sisters (med ein ung Dusty Springfield) som ei B-side i 1960. Ein versjon frå 1967 av The Dave Clark Five nådde sjuandeplassen i USA og 28. plassen i Storbritannia. Ein rock and roll-versjon av Showaddywaddy nådde andreplassen i Storbritannia i 1977. I 1967 spelte Marvin Gaye og Tammi Terrell songen i på albumet United.

Kjelder endre

  1. Allmusic song review
  2. Allmusic chart history
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research.