Opna hovudmenyen

Marvin Pentz Gay jr., meir kjend som Marvin Gaye (2. april 19391. april 1984)[1] var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og plateprodusent. Gaye var med å forme Motown-stilen i 1960-åra og var den første faste studiomusikaren for studioet, og seinare soloartist, med ei rekkje hittar. Av hittane hans finn ein «Ain't That Peculiar», «How Sweet It Is (To Be Loved By You)» og «I Heard It Through the Grapevine», og duettar med Mary Wells, Kim Weston, Diana Ross og Tammi Terrell. Seinare fekk han kallenamnet «Prinsen av Motown» og «Soulprinsen».

Marvin Gaye
Marvin Gaye (1973).png
Gaye i 1973
Fødd2. april 1939(1939-04-02)
FødestadWashington, D.C.
Død1. april 1984 (44 år)
DødsstadLos Angeles i California
FødenamnMarvin Pentz Gay Jr.
OpphavUSA
Aktiv1959–1984
Sjanger
Instrument
  • Vokal
  • piano
  • klaverinstrument
  • trommer
  • perkusjon
  • synthesizer
Stemmetypetenor
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar
  • plateprodusent
MorAlberta Gay
FarMarvin Gay, Sr.
Gift medAnna Gordy Gaye, Denise Gordy
BornNona Gaye
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award

I 1970-åra spelte han inn konseptalbuma What's Going On og Let's Get It On og vart ein av dei første artistane på Motown (i lag med Stevie Wonder) som braut med eit produksjonsselskap.

Dei seinare innspelingane til Gaye inspirerte fleire undersjangrar innan moderne R&B, som quiet storm og neo soul.[2] Etter ei tid i skatteeksil i Europa tidleg i 1980-åra, gav Gaye i 1982 ut den prisvinnande hitten «Sexual Healing» og albumet Midnight Love.

1. april 1984 vart Gaye skoten og drepen av far sin, Marvin Gay Sr., i huset deira i West Adams i Los Angeles.[3][4] Etter han døydde har mange institusjonar gjeve Gaye posthume prisar, som Grammy Lifetime Achievement Award, Rhythm and Blues Music Hall of Fame, Songwriters Hall of Fame og Rock and Roll Hall of Fame.[5]

DiskografiEndra

FilmarEndra

KjelderEndra

  1. Simmonds 2008, s. 190–192.
  2. Weisbard, Eric; Marks, Craig (October 10, 1995). Spin Alternative Record Guide (Ratings 1–10) (1st edi. utg.). New York: Vintage Books. s. 202–205. ISBN 0-679-75574-8. OCLC 32508105. 
  3. «Marvin Gaye House». Henta June 18, 2012. 
  4. Communications, Emmis (January 1998). Dial Them For Murder. Los Angeles Magazine. Henta 24. februar 2018. 
  5. «Marvin Gaye Timeline». The Rock and Roll Hall of Fame. January 21, 1987. Henta 24. februar 2018. 

BakgrunnsstoffEndra

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.