Ytre Billefjord
vik i Porsanger i Troms og Finnmark
Ytre Billefjord (samisk Gorbovuotna, finsk Korpivuono) er ein fjordarm av Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3 km sørvestover til grenda med same namn i botn av fjorden.
Ytre Billefjord | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Porsanger | ||
![]() Ytre Billefjord |
Fjorden har innløp mellom Båtneset i nordvest og Guoskat i søraust og ligg på nordsida av neset Klubben (samisk Kluppunjárga). Det ligg fleire gardsbruk langs den indre delen av fjorden. Fjorden er 55 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden. Frå botn av fjorden og om lag 500 meter utover er han derimot berre 1-2 meter djup.
Europaveg 6 går langs nordvestsida av fjorden.