Ytstenestinden
Ytstenestinden (1180 moh.) er eit fjell i Ørsta på Sunnmøre. Fjellet ligg vest for Hjørundfjorden, nord for Ytre-Standaldalen.
Klatring må til skal ein nå til topps. Fyrstebestigninga fann stad den 15. august 1908. Britane A.W.S. Brown og Charles W. Patchell stod for denne.
Tinden har namn etter den lenge sidan fråflytta garden Ytstenes. Ytstenestinden har i ymse samanhengar vorte kalla for Slingsbys Topp.