Hjørundfjorden

For den tidlegare kommunen med same namn, sjå Hjørundfjord.

Koordinatar: 62°16′57.421″N 6°26′31.589″E

Hjørundfjorden
Hjørundfjorden
Plassering

Hjørundfjorden
62°12′40″ N 6°30′52″ E

Hjørundfjorden er ein fjordarm av Storfjorden i kommunane Ørsta og SykkylvenSunnmøre. Han er 33 kilometer lang og vert av mange rekna som ein av dei vakraste fjordane i verda. Dette fordi den er omkransa av ei mengd spisse tindar på begge sidene. Fjella rundt Hjørundfjorden er Sunnmørsalpane sitt kjerneområde.

NamnEndra

Namnet «Hjørundfjorden» kan kome av «sverd» (hjorr) i det ein samanliknar forma på fjorden med eit sverd eller spisse tindar. Ytst i fjorden ligg tre steinar som har vore kjende som Hjørungane. Fjorden kan ha fått namnet etter desse.

Namnet til fjorden har ofte vore forveksla med Hjørungavåg. Blant anna har det vore diskusjon om kvar Jomsvikingslaget stod av denne grunn, med mellom anna teoriar om at gullet til «Bue Digre» skulle vere grave ned på Bjørke. På Bjørke inst i Hjørundfjorden vart det også utført leiting og utgraving for å påvise at teorien kunne stemme, utan at ein lukkast i dette.

FjordenEndra

 
Hjørundfjorden fra sør mot nord.
Foto: Eli Anne Tvergrov
 
Utsyn frå Storhornet ved Store-Standal utover Hjørundfjorden mot Ålesund
Foto: Johan Simon Seland

Fjorden har innløp mellom Vindsneset ved Festøya i vest og Kurset i Sykkylven kommune i aust. Ved Leknes går Norangsfjorden austover. Vidare sør for Hjørundfjorden ligg Storfjorden. Inst i denne fjorden ligg grenda Bjørke.

Ytst i nord er fjorden 2,5 kilometer brei og smalnar mot fjordbotnane. På det djupaste er han 441 meter, målt sør for Stavset og 440 meter utanfor Molaupen. Ytst er han om lag 400 meter djup og inne ved Viddal rundt 220 meter.

FjellaEndra

 
Jønshornet/Ramoen til høgre
 
Slogen sett frå Hjørundfjorden

Hjørundfjorden er som nemnt kjerneområdet for Sunnmørsalpane, og her er mange kjende fjell. Eit lite utval:

Vatn og vasskraftEndra

Kring fjorden er her rundt 70 små vatn. Eit av desse er Tussavatnet som har vore med på å gje kraftselskapet Tussa Kraft AS namnet sitt. Selskapet har i Hjørundfjorden hatt utgangspunktet for veksten sin med kraftproduksjon på Bjørke og seinare fleire mindre småkraftverk langs heile Hjørundfjorden.

NæringsvegarEndra

I hovudsak er jordbruk og turisme næringsvegar.

KommunikasjonEndra

Mellom Festøya og Hundeidvika ytst i fjorden går det ferjesamband. Ferje går det òg frå Store-Standal til Midt-Trandal på andre sida, og frå her vidare sørover til Sæbø på vestsida. Frå Sæbø går ferja vidare over til Leknes på andre sida og frå her sørover til den isolerte grenda Skår på vestsida

Eigen kommuneEndra

Hjørundfjorden var eigen kommune med namnet Hjørundfjord frå han vart oppretta med formannskapslovene i 1837 til han frå 1. januar 1964 vart slått saman med Vartdal kommune og Ørsta kommune til den nye storkommunen Ørsta kommune.[1] Ved kommunesamanslåinga hadde Hjørundfjord 1.728 innbyggjarar.

BygdelagEndra

LitteraturEndra

  • Lars Strømme og Ragnar Standal: ++ 1993 Hjørundfjordbøkene (1-5)
  • Lunden, Kåre (1986): «Slaget ved Hjørungavåg : dikting, historie, nasjonal myte,» i Middelalderforum, 1986, nr. 3/4, s. 86-96
  • Jomsvikingslaget i oppklarende lys,- haugenbok.no - ISBN 978-82-92055-34-2

FotnotarEndra

  1. Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 60, vitja 10. mai 2009

BakgrunnsstoffEndra