Ytstetinden
Ytstetinden eller Ystetinden er eit fjell i Vestnes kommune. Fjellet ruvar over nordsida av Skorgedalen, og dannar ein karakteristisk dobbelttopp saman med den vestlege grannen Trolltinden. På andre sida av desse toppane ligg Tomrefjorden. Toppen av Ytstetinden er lett å nå både frå sørsida og frå nordsida. Ytstetinden er 1162 moh.
Ytstetinden | |||
fjell | |||
Ystetinden (midt i bildet) sett frå søraust, med Trollinden til venstre og Remmemstinden til høgre.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Vestnes (Møre og Romsdal) | ||
Fjellkjede | Halvøya mellom Romsdalsfjorden og Storfjorden | ||
Høgd | 1 162 moh. | ||
Primærfaktor | ca. 150 m | ||
Wikimedia Commons: Ytstetinden |
Ystetinden messingkvintett
endreYstetinden messingkvintett er eit hornensemble som spelar ein årleg konsert på Ystetinden til inntekt for gode føremål. Gruppa blei skipa av ei gruppe venninner som alle hadde musikalsk bakgrunn, men ikkje kunne spela messinginstrument.[1]
I 2016 spelte kvintetten for 101 toppturdeltakarar, og gav inntekta til Tresfjord Røde Kors.[2]
Kjelder
endre- ↑ Skotheim, Hanna (29. juli 2016), «Blåser fra seg på fjellet», rbnett.no (på norsk), henta 13. november 2023
- ↑ Eik, Øystein (31. juli 2016), «Dette er en ekte toppkonsert», rbnett.no (på norsk), henta 13. november 2023
Bilete
endre-
Trolltinden (til venstre) og Ytstetinden
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.