Yttygran

Yttygran er ei øy i Beringhavet 24 km nordvest for Kapp Tsjaplino, nær kysten av Tsjukotka i Russland. Ho ligg 3,8 km sør for Arakamtsjetsjenøya og er skild frå kysten av eit sund som er 1,5 km på det smalaste.

Plasseringa til Yttygran og naboøya Arakamtsjetsjenøya.
Yttygran nedst til venstre på kartet.

Yttigran er 13,5 km lang og opp mot 5 km brei. Ho er fjellkledd.

Det finst ein sjamanistisk stad på Yttigran kalla «Kvalbeinalléen», der kjevebein og ribbebein frå grønlandskval er lagt ut i ein boge på stranda. Det har vorte kalla eit av meisterverka i arktisk kultur.[1]

Kvitkval er vanleg i farvatnet rundt Arakamtsjetsjenøya og Yttigran[2]

I dag er øya ein populær stad for økoturisme.[3]

Administrativt høyrer Yttygran til Tsjukotka autonome okrug.

KjelderEndra

FotnotarEndra

Koordinatar: 64°45′N 172°27′E