Grønlandskval

pattedyrart

Grønlandskval (Balaena mysticetus) er ein bardekval i rettkvalfamilien. Kvalen finst berre i arktiske og subarktiske strøk. Han lever mykje av livet sitt i og ved pakkisen, og fylgjer iskanten sørover om vinteren. Arten har vore rekna som truga på verdsbasis etter kvalfangst, som tok til i Nordatlanteren rundt 1600. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen freda arten heilt frå kommisjonen vart stifta i 1946. Bestanden i havområda rundt Beringstredet er no truleg tilbake på nivået han var før kvalfangsten begynte. Grønlandskval er difor ikkje lenger rekna som ein utrydningstruga art på verdsbasis. Det vert drive avgrensa fangst på grønlandskval av urfolksgrupper i Tsjukotka i Russland, i USA og i Canada.[1] Bestanden i havområda rundt Svalbard, mellom Grønland og Frans Josefs land, er derimot framleis kritisk truga. Det finst her truleg mindre enn 50 reproduserande individ. Det er anslått at den opphavlege bestanden, før 1600, var over 50 000 individ.[2]

Grønlandskval
Grønlandskval
Grønlandskval
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt trugaUtbreiinga av grønlandskval
Utbreiinga av grønlandskval
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Rettkvalfamilien Balaenidae
Slekt: Balaena
Art: Grønlandskval B. mysticetus
Vitskapleg namn
Balaena mysticetus

Biokjemiske metodar for aldersfastsetjing tyder på at individ av grønlandskval kan bli over 100 år gamle. Dette er i så fall ein av dei høgste levealdrane som er kjent hjå pattedyr.[1]

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24.11.2021). Pattedyr: Vurdering av grønlandshval Balaena mysticetus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Grønlandskval