Kvitkval

pattedyrart
Kvitkval
Kvitkval
Kvitkval
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Kvitkval
Utbreiinga av Kvitkval
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Parvorden: Tannkvalar Odontoceti
Overfamilie: Delphinoidea
Familie: Narkvalfamilien Monodontidae
Slekt: Delphinapterus
Art: Kvitkval D. leucas
Vitskapleg namn
Delphinapterus leucas

Kvitkval (Delphinapterus leucas) er ein tannkval som lever i arktiske og subarktiske område.

Taksonomi og utvikling endre

Kvitkvalen vart første gongen skildra av Peter Simon Pallas i 1776. Han er medlem av Monodontidae-familien saman med narkvalen. Dei tidlegaste anane til kvitkvalen er den utdøydde Denebola brachycephala frå seint i miocen. Eit enkelt fossil er funne vest for Mexico, noko som indikerer at artane i familien ein gong treivst i varmare vatn. Fossila si historie indikerer også at i relativt nyare tidsperiodar har kvitkvalane tilpassa seg ismassane i samband med istider.

Utsjånad og levevis endre

Denne sosiale kvalen kan verte opp til 5,5 meter lang, større enn nesten alle delfinane, men mindre enn dei fleste andre tannkvalar. Hannane er jamt over større enn hoene - hannane kan vege 1,5 tonn og hoene kring eitt tonn. Nyfødde kvitkvalar er om lag 1,5 meter lange og veg 80 kg. Denne arten er lett å kjenne som vaksen, han er heilt kvit og har ingen ryggfinne. Hovudet er også ulikt i høve andre tannkvalar – det er melonaktig og svært rørleg. I motsetnad til dei fleste andre kvalar er nakkevirvlane på kvitkvalen ikkje samanvaksne, noko som gir dyret stor rørslefridom i nakkeleddet og dermed høve til å dreie hovudet meir enn andre delfinar og kvalar.

Mangelen på ein ryggfinne er spegla i slektsnamnet på arten - apterus er latin for 'finnelaus'. Den evolusjonære årsaka til den manglande finnen kan vere ei tilpassing til å symje under isen og finne føde langs botnen, der dyra truleg sym med buken opp, sånn som ein veit narkvalen gjer. Halefinnen bøyer seg lengre framover med alderen. Luffane er breie og korte og verkar nesten firkanta.

Hannane vert kjønnsmogne etter om lag åtte år, hoene etter fem. Hoa får ein einskild kalv om våren etter å ha vore drektig i 15 månader. Unge kvitkvalar er einsfarga mørkegrå. Den grå nyansen vert sakte meir kvit etter som dyret vert større – og kvalane oppnår den karakteristiske kvite fargen etter om lag sju år på hoa og ni år på hannen. Dieperioden for kalven er om lag to år. Paringsåtferda er ikkje kjend. Kvitkvalar kan verte opp til 80 år gamle.

Utbreiing endre

Kvitkvalen finst i havet mellom 50° N og 80° N. Om våren sym kvalane til sommarområda, bukter, elvemunningar og andre isolerte farvatn. Desse sommarplassane er skilde frå kvarandre, og hoene vender attende til same stad åretter år. Etter kvart som sommarplassane frys til om hausten flyttar kvalane seg mot djupare vatn for vinteren. Dei fleste sym mot den framrykkande iskanten og held seg ved den. Andre held seg under isen og overlever ved å finne sprekker i isen med ope vatn. Kvitkvalane kan også finne luftlommer fanga under isen. Dei har ei imponerande evne til å finne tynne striper med ope vatn i område der isen dekker meir enn 95 prosent av havoverflata. Dette er framleis eit mysterium og av stor interesse for forskarane. Det er klart at biosonaren deira spelar ei rolle, og ein teori går ut på at kvalane kan sanse ope vatn med ekkolokalisering.

Åtferd endre

Kvitkvalane er sosiale dyr. Dei flyttar seg i grupper som typisk inneheld dyr av same kjønn og alder. Der kan vere fleire hundre dyr i grupper med hannar. Hoer med kalvar blandar seg i noko mindre grupper.

 
Kvitkval nær Hudson Bay, Canada.

Flokkane med kvitkval er ustabile, dette medfører at dyr går frå ein flokk til ein annan og at dei sjeldan held seg permanent til ein flokk. Dei tettaste banda finst mellom hoer og kalvane deira. Kalvane vender ofte tilbake til same sommaropphaldsstaden som mora – gjerne også etter at dei er vaksne. Kvitkvalane sym relativt sakte. Dei lever av fisk, blekksprutar og skaldyr. Jakta på havbotnen går føre seg ned til 300 m, men dyra kan dukke dobbelt så djupt. Kvitkvalane er svært aktive akustisk, og har eit stort register av sosiale lydar, inklusive klikkelydar, knirke-lydar, fløyting og ein klokkeliknande klang-lyd.

Hovudfienden frå naturen si side er isbjørnen, særleg når kvalane vert omringa og fanga av isen. Bjørnen slår ein kval i hovudet med poten og dreg kvalen opp på isen for eit festmåltid. Kvitkvaler er også små nok til å bli offer for spekkhoggar.

Bestandsstorleik og menneskeleg påverknad endre

Den globale bestanden er i dag på kring 200.000 dyr. Sjølv om talet er mykje større enn for somme andre tannkvalar er det langt lågare enn historisk sett på grunn av tiår med intensiv jakt. Grunna ulike migrasjonsruter og store samlingar har kvitkvalane vore jaga av inuittar i Arktis i hundrevis av år og er det framleis grunna velsmakande kjøtt og spekk. Indirekte menneskeskapte forstyrringar trugar kanskje også arten. Medan nokre individ tolererer små skip flyktar andre aktivt frå dei. Kvalsafariar etter narkvalar er ein stor og veksande aktivitet i nokre område, og det kan stresse dyra.[1] Kvitkvalen var ein av dei første kvalartar som vart halden i fangenskap. Den første kvitkvalen vart framvist i Barnum's Museum i New York i 1861. I dag er han framleis ein av dei populære artane i fangenskap i Nord-Amerika, Europa og Japan. Dette skuldast m.a. fargen og den uttrykksfulle ansiktsmimikken. Dei fleste kvitkvalane i akvarie er fanga, men eit avlsprogram har hatt ein viss suksess. Både den amerikanske og den tidlegare sovjetiske flåten har brukt spesialtrena kvitkvalar til å fjerne sjøminer i Arktis.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24.11.2021). Pattedyr: Vurdering av hvithval Delphinapterus leucas for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. https://www.artsdatabanken.no/lister/rodlisteforarter/2021/27646

Bakgrunnsstoff endre