Yuan Jiang (kinesisk skrift 沅江; pinyin Yuánjiāng) eller Yuanshui (沅水; Yuánshuǐ) er ei av dei fire største elvane provinsen Hunan i Kina. Ho er ei sideelv til Chang Jiang. Elva er 864 km lang og har kjelder i Miaofjella i provinsen Guizhou. Elva er seglbar.

Yuan Jiang
elv
Yuan River in Yuanling County of Huaihua, Hunan, picture13.jpg
Yuan Jiang i Yuanling

Yuan Jiang
28°25′37″ N 110°22′49″ E
Kart med tilsigsfelt og elveløp til Yuan Jiang (lysegult).
Kart med tilsigsfelt og elveløp til Yuan Jiang (lysegult).
Wikimedia Commons: Yuan River

Sideelva Qingshui startar søraust i provinsen Guizhou, og renn austover inn i Hunan. Der ho møter ei anna sideelv, Wu, endrar ho namn til Yuan Jiang, omtrent ved provinsbyen Hongjiang.

Elva er mykje regulert og nye utbyggingar er under prosjektering. Største reguleringsprosjekta er Lingjintangdemninga og Wuqiangxidemninga. Qingshui-elva er regulert med den store Sanbanxidemninga.

KjelderEndra