Opna hovudmenyen

Yuki Abe (fødd 6. september 1981 i Ichikawa i Chiba-prefekturet) er ein japansk fotballspelar som har spelt for Leicester City i engelsk Football League Championship, og for det japanske landslaget.

Yuki Abe
Yuki Abe 7.05.2011.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Yuki Abe
(japansk skrift 阿部 勇樹)
Fødd 6. september 1981
Fødestad Ichikawa
Høgd 177 cm
Posisjon Midtbane, forsvar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Leicester City
Nummer 22
Ungdomsklubbar
1994-98 Japan JEF United Ichihara Chiba
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2006
2007-10
2010-
Japan JEF Chiba
Japan Urawa
Flag of England.svg Leicester
214 (36)
120 (14)
0 (0)
Landslag
2002-04
2005-
Japan Japan U23
Japan Japan
13 (3)
49 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. juni 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 29. juni 2010

Abe debuterte som proffspelar for JEF United Ichihara 5. august 1998, 16 år og 333 dagar gammal, og vart dermed den yngste spelaren som til då hadde spelt i J-ligaen. Han vart seinare kaptein for klubben, og leia han til siger i J-ligacupen i 2005 og 2006. 22. januar 2007 gjekk han over til Urawa Red Diamonds for om lag 3 millionar USD, ein rekordstor overgangssum for ein japansk spelar frå ein japansk klubb til ein annan. Med Urawa var han med på å vinna den asiatiske meisterligaen i 2007, då han skåra eit mål i finalen. Abe spelte for Leicester City frå 2010 til 2012, då han gjekk tilbake til Urawa Red Diamonds.

Abe debuterte for Japan sitt A-landslag 29. januar 2005 i ein vennskapskamp mot Kasakhstan. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. september 2006 mot Jemen. Han var ikkje med i Japan sin tropp til fotball-VM i 2006, men vart fast på landslaget etter at den tidlegare klubbtrenarena hans, Ivica Osim, tok over som landslagstrenar etter VM.

KjelderEndra

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 11. mai 2010.

BakgrunnsstoffEndra