Zaan
52°28′11″N 4°49′35″E / 52.46972°N 4.82639°E
Zaan | |||
elv | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Zaan 52°28′10″N 4°48′50″E / 52.469444444444°N 4.8138888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Zaan |
Zaan er ei lita elv i provinsen Noord-Holland i Nederland. Elva var opphavleg ein sidearm av IJbukta. Ho renn om lag 10 km gjennom kommunen Zaanstad nord for Amsterdam, frå West-Knollendam i nord til Zaandam i sør der ho munnar ut i IJbukta.
Elva renn forbi Zaanse Schans, ein landsby med historiske vindmøller og hus, og som er ein populær turistattraksjon i Nederland.
Fleire byar langs Zaan er òg kalla opp etter elva Koog aan de Zaan, Westzaan, Oostzaan, Zaandijk og byen Zaandam.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zaan» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2008.