Zacharias Melleby

Zacharias Rasmussen Melleby (20. desember 17819. november 1854) var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Skjeberg i Østfold.

Zacharias Melleby

Fødd20. desember 1781
Skjeberg kommune
Død9. november 1854 (72 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Melleby var fødd på garden Utengen i Skjeberg, som far hans dreiv. Sjølv var han soldat i krigen 1807-14. Under kampane på Prestbakke den 10. januar 1808 kjempa han i fremste rekke i den norske styrken. Han stod då i nordre Rakkestad kompani. For sitt utviste mot under kampane vart han etterpå tildelt dannebrog. I 1814 var han kommandersersjant ved akershusiske skarpskyttarregiment.

Våren 1814 var han ein av dei som representerte skarpskyttarregimentet under riksforsamlingaEidsvoll.

Seinare var Melleby gardbrukar på farsgarden Utengen, der han døydde i 1854.

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre