Zaqaziq[2] er ein by i Nedre Egypt som ligg aust i Nildeltaet. Byen er hovudstad for Sharqia guvernement, og har rundt 285 100 innbyggjarar (2004).

الرياض
Stadium og bygningar i Zaqaziq.
Stadium og bygningar i Zaqaziq.
Stadium og bygningar i Zaqaziq.
Styresmakter
Land
Guvernement
 Egypt
Sharqia
Geografi
Innbyggjarar
 - By (11. november 2006)

302 840[1]
Koordinatar 30°34′N 31°30′E / 30.567°N 31.500°E / 30.567; 31.500
Høgd over havet 16 m
Tidssone EST (UTC+2)

Zaqaziq ligg ved ei grein av Ismailiakanalen og al-Muˤizz, ein gammal nilkanal. Han er eit kuntepunkt for veg og jernbane, og eit sentrum for korn- og bomullshandel for det fruktbare jordbruksområdet rundt.

I byen ligg Universitetet i Zagaziq, som blei oppretta i 1974, og ei grein av det muslimske Al-Azhar, eitt av dei eldste universiteta i verda.

Byen er fødeplassen til Ahmed Orabi som leidde Orabi-opprøret mot europearane og khedivane i 1882. I Zaqaziq finn ein Orabi-museet tileigna han.

3 kilometer søraust for byen ligg ruinane av Bubastis, ein tidlegare egyptisk hovudstad som var sentrum for kattekulten i landet.

Folk frå Zaqaziq endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 http://www.citypopulation.de/Egypt-Cities.html.
  2. ar. الزقازيق az-Zaqāzīq; IPA [zaʔaziːʔ] eller [zaɡaziːɡ]. Også skrive Zagazig, Sagasig og Zakazik.
  Denne geografiartikkelen som har med Egypt å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.