Zara SA er ei spansk klesbutikkjede som sel «fast fashion».[1] Verksemda blei stifta i 1975 av Amancio Ortega og Rosalía Mera, og har hovudkvarter i Arteixo i A Coruña i Galicia. I 2019 hadde kjeda rundt 10 000 butikkar.[2]

Zara SA


Org.formBørsnotert selskap
BransjeTekstilindustri, konfeksjonsindustri, Detaljhandel
Skipa1975; 49 år sidan (1975) (som Zorba)
EigarInditex
HovudkontorLa Coruña
LandSpania
Produktklede
Grunnleggjar(ar)Amancio Ortega
Nettstadhttps://www.zara.com/ (engelsk)

Zara er hovudmerket til Inditex-gruppa,[3] som er den største klesseljargruppa i verda. Gruppa eig også merke som Massimo Dutti, Pull&Bear, Bershka, Stradivarius, Oysho, Zara Home og Uterqüe.

Kjeda sel klede for menn, kvinner og barn (Zara Kids). Ho har ei kjapp produksjonskjede som sender ut klede til butikkane to gonger i veka. Etter at eit produkt er designa kan det nå utsalsstaden i løpet av 10-15 dagar.[4] I 2017 hadde Zara opptil 20 kleskolleksjonar kvar år.[5] Alle kleda blir sende gjennom prosesseringssenteret i Spania der dei blir inspiserte, sorterte merka og lasta i lastebilar. Som regel er kleda framme innnan 48 timar. Zara produseret over 450 million varer per år.[6]

Kjelder

endre
  1. «Zara is facing a massive threat that could jeopardize the business». businessinsider.de. Arkivert frå originalen 4. desember 2017. Henta 13. mars 2018. 
  2. eCommerceDB, a Statista Company (2019). «General information about Zara company». eCommerceDB. Henta 19. februar 2019. 
  3. «Global stretch». The Economist. 10. mars 2011. Henta 5. november 2015. 
  4. The Future of Fashion Retailing: The Zara Approach 25. oktober 2012. Greg Petro. Forbes. Henta 5. april 2016
  5. «Looking good can be extremely bad for the planet». The Economist. Henta 16 April 2017. 
  6. Zara's Fast-Fashion Edge. Susan Berfield and Manuel Baigorri. 14. november 2013. Bloomberg. Vitja 5. april 2016

Bakgrunnsstoff

endre