Zavdiel
Zavdiel (hebraisk skrift זַבְדִּיאֵל, tyder Gåve frå Gud) er ein religiøs moshav sør i Israel. Namnet kjem frå eit vers i Nehemja (11:14),[1] der det er namnet på ein prest som kjem attende frå Babel. Han ligg i Hevel Lakhish nær Kiryat Gat og høyrer til Shafir regionale kommune. I 2006 hadde han 413 innbyggjarar.
Zavdiel | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Hevel Lakhish | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Shafir | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1950 | ||
- Grunnlagd av | jemenittiske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Agudat Israel Workers | ||
![]() Zavdiel | |||
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Jemen på land som tidlegare hadde høyrt til den avfolka arabiske landsbyen Hatta.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Zavdiel» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.482 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)