Opna hovudmenyen

Zdeněk Nehoda (fødd 9. mai 1952) er ein tsjekkisk fotballspelar frå Hulín. Angrepsspelaren, som vanlegvis var høgreveng, vart europameister med Tsjekkoslovakia i 1976 og fekk EM-bronse i 1980. Han spelte 89 landskampar og skåra 31 mål i tida 1971-82.

Zdeněk Nehoda
Zdeněk Nehoda (2012).JPG
Fødd 9. mai 1952
Hulín
Yrke fotballspelar
Zdeněk Nehoda på Commons

AktivEndra

Nehoda spelte på TJ Gottwaldov frå 1969 til -71. Han gjekk då over til topplaget Dukla Praha, der han gjennom tolv sesongar var med å vinne tre seriemeisterskap og to cupmeisterskap. Frå 1984 var han etter tur aktiv i kortare eller lengre tid i vesttyske Darmstadt 98, belgiske Standard Liege, franske FC Grenoble og austerrikske Amaliendorf. Nehoda spelte 345 kampar og skåra 145 mål i den tsjekkoslovakiske toppserien.

Nehoda debuterte for Tsjekkoslovakia i 1971, men det var i tida frå 1973 han var eit fast innslag i fyrsteellevaren på landslaget. Han skåra fleire mål då Tsjekkoslovakia tok seg til EM-finalen 1976. Under fotball-EM 1980 stod han for to av dei fem nettkjenningane til Tsjekkoslovakia, då laget vann bronsen etter å ha sigra over Italia i straffeskyting. Etter EM 1980 var han kaptein på landslaget til Tsjekkoslovakia rauk ut or VM i fotball 1982. Vel fem år seinare, 27. oktober 1987, spelte han 12 minuttar i ein vennskapskamp mot Polen. Dermed står han bokført med 90 landskampar, meir enn nokon anna tsjekkoslovak.

MerittarEndra

  • Europameister: 1976 med Tsjekkoslovakia
  • EM-bronse: 1980 med Tsjekkoslovakia
  • Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1977, 1979 og 1982 med Dukla Praha
  • Tsjekkoslovakisk cupmeister: 1970, 1981 og 1983 med Dukla Praha

Både i 1978 og 1979 vart Nehoda kåra til årets fotballspelar i Tsjekkoslovakia.

KjelderEndra