Zdzisław Ludwik Krzyszkowiak (3. august 192923. mars 2003)var ein polsk friidrettsutøvar som tevla på langdistansane og i hinderløp. Han vart olympisk meister på 3000 meter hinder i 1960, to år etter han tok EM-gull både på 5000 m og 10000 m i 1958.

Zdzisław Krzyszkowiak
Fødd 3. august 1929
Wielichowo
Død

23. mars 2003
Warszawa

Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Zdzisław Krzyszkowiak på Commons
Grava åt Zdzisław Krzyszkowiak

AktivEndra

Krzyszkowiak vart lagd merke då han i kvalifiseringsløpet til finalen på 3000 meter hinder under sommar-OL 1956 i Melbourne vart nummer fen i sitt heat, og dermed syrgde for at den regjerande olympiameisteren, Horace Ashenfelter frå USA, vart slått ut. Krzyszkowiak braut finaleløpet og vart dermed nummer ti.

Under friidretts-EM 1958 i Stockholm vann han både 5000 og 10 000 meter. Våren 1960 sette Krzyszkowiak ny verdsrekord på 3000 meter hinder med tida 8.31,4. To månader seinare, under OL 1960 i Roma, vann han gullmedaljen i hinderløpet, einast Nikolaj Sokolov frå Sovjetunionen klarde å halde fylgje inn på oppløpssida. Fem dagar etter hinderløpet vart Krzyszkowiak nummer sju på 10 000 meter.

Sommaren 1961 forbetra Krzyszkowiak verdsrekorden på 3000 m hinder til 8.30,4 under eit løp i småbyen Wałcz. Han la opp i 1963, etter å ha vorte polsk meister 13 gongar.

KjelderEndra