Zeke Zettner
Thomas «Zeke» Zettner (21. september 1948–10. november 1973) var ein amerikansk musikar, mest kjend som bassist i bandet The Stooges. Zettner hadde opphavleg vore scenarbeidar for bandet, men erstatta den originale Stooges-bassisten Dave Alexander etter Fun House-albumet (1970). Alexander fekk sparken på grunn av store alkoholproblem.
Zeke Zettner | |||
Fødd | 21. september 1948 | ||
---|---|---|---|
Død | 10. november 1973 (25 år) | ||
Dødsstad | Warren i Michigan | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | bassgitar, gitar | ||
Verka som | musikar |
Zettner var sjølv avhengig av heroin og var ikkje lenge medlem av bandet. Jimmy Recca tok etter kort tid over som bassist i bandet. Zettner døydde av ein heroinoverdose den 10. november 1973. Dødsfallet hans er nemnd i Iggy Pop-songen «Dum Dum Boys», frå The Idiot.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zeke Zettner» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2011.