Iggy Pop

amerikansk songar

Iggy Pop (fødd James Newell «Jim» Osterberg, Jr.21. april 1947) er ein amerikansk songar, låtskrivar, musikar og skodespelar.[1] Sjølv om han av mange vert rekna som sjølve gudfaren innan punkrock,[1] har Pop spelt innan mange sjangrar gjennom åra, som pop, metal, jazz og blues.[2] Pop vart kjend som 'Iggy' på high school, då han spelte trommer i eit lokalt bluesband, The Iguanas. Han var vokalist i det påverknadsrike protopunk-band The Stooges (Pop og dei gjenlevande medlemmane vart foreinte på ny i 2003),[3] og er kjend for den skandaløse og ureknelege framferda si på scenen.[4][5]

Iggy Pop

Iggy Pop i 1987
Fødd21. april 1947 (76 år)
Muskegon i Michigan i USA
FødestadMuskegon
FødenamnJames Newell Osterberg, Jr.
AliasIggy Pop
OpphavUSA
Aktiv1960 til i dag
SjangerPunk rock, protopunk, garage rock, glampunk, sjokkrock, glamrock, hardrock
InstrumentVokal, gitar, tangentinstrument, trommer
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarThe Stooges, The Trolls, The Nymphs, The Iguanas, Slash, David Bowie, Deborah Harry, Blondie, Sum 41
PlateselskapVirgin, RCA, Elektra
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, skodespelar
Gift medWendy Weissberg, Suchi Asano, Nina Alu
BornEric Benson
Prisarridder av Ordre des Arts et des Lettres, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Officier des Arts et des Lettres, Polar Music Prize

Sjølv om populariteten til songaren har minka gjennom karrieren, har Pop spelt inn mange kjende songar, som «Lust for Life», «Real Wild Child», «Candy» (ein duett med Kate Pierson frå The B-52's),[6] «China Girl», «Nightclubbing» og «The Passenger».

Tidleg liv endre

Iggy Pop var fødd i Muskegon i Michigan, som son av Louella (fødd Christensen) og James Newell Osterberg, Sr., ein tidlegare engelsklærar og baseball-trenar ved Fordson High School i Dearborn i Michigan.[7] Osterberg voks opp i Ypsilanti i Michigan.[8] Han er av irsk og engelsk opphav på farssida, og norsk og dansk opphav på morssida.[9] Faren var adoptert av ein svensk-amerikansk famile og tok etternamnet deira (Österberg).[9]

Musikkarriere endre

Den tidlege perioden: 1960 til 1967 endre

 
The Prime Movers. Iggy Pop er i midten bak (delvis skjult).

Osterberg byrja musikarkarrièren sin som trommeslagar i forskjellige high school-band i Ann Arbor. Eit band var the Iguanas, der han fekk kallenamnet Iggy. Etter å ha utforska bluesstilen til lokale band som the Prime Movers (med brørne Dan og Michael Erlewine), slutta han etter kvart på University of Michigan og flytte til Chicago for å lære meir om blues. Medan han var i Chicago spelte han trommer i bluesklubbar, i lag med Sam Lay (tidlegare i Paul Butterfield Blues Band) som delte kjenningane sine med Iggy.[10] Inspirert av Chicagoblues og band som The Sonics og The MC5, danna han the Psychedelic Stooges og byrja å kalle seg sjølv Iggy. Bandet bestod av Iggy på vokal, Ron Asheton på gitar, bror til Asheton Scott på trommer, og Dave Alexander på bass.

The Stooges: 1968 til 1975 endre

Grunnlaget for scenepersonlegdomen til Iggy Pop vart lagt då han såg The Doors spele i 1967 på University of Michigan og var forbløffa over framferda til Jim Morrison.[8] Den ekstreme oppførselen til Morrison, som frontman i eit populært band, inspirerte den unge Pop til å presse grensene for sceneframferder. Pop var den første artisten som gjorde ein stage-dive, som han starta på ein konsert i Detroit.[8] Andre ting Pop gjorde var å rulle seg rundt i knust glas, blotte seg for publikum og spy på scenen.

I 1968, eit år etter etter den første konserten deira, og no kalla The Stooges, signerte bandet hans ein kontrakt med Elektra Records, og følgde igjen i fotstega til The Doors, som var den største artisten på Elektra på denne tida. Visstnok ringte Pop Moe Howard for å høyre om det var greit at han kalla bandet sitt «The Stooges», då Howard skal ha svart eg bryr meg ikkje kva de kallar dykk, så lenge de ikkje er «The Three Stooges!» før han la på. Dei første to albuma til The Stooges The Stooges (der Iggy til sin store misnøye er omtalt som «Iggy Stooge»), produsert av John Cale; og Fun House, selde dårleg. Kort tid etter at nye medlemmar kom inn i bandet, vart bandet oppløyst på grunn av den aukande heroinmisbruken til Pop.

I 1971 møtte Iggy Pop og David Bowie kvarandre på Max's Kansas City, ein nattklubb og restaurant i New York City.[11] Karrieren til Pop gjorde eit sprang då Bowie i 1972 valde å produsere eit album med Pop i England. Med James Williamson som gitarist, byrja dei å leite etter ein rytmeseksjon. Sidan verken Pop eller Bowie var nøgde med nokre av musikarane dei vurderte i England, valde dei å gjenforeine The Stooges. Det vart ikkje ei full gjenforeining, sidan Dave Alexander, på grunn av alkoholisme, ikkje klarte å spele på albumet. Han døydde seinare i 1975. Ron Asheton flytta òg under tvil over frå gitar til bass for å gje plass til Williamson på gitar. Innspelingane førte til Raw Power. Etter at albumet kom ut kom Scott Thurston inn i bandet på keyboard og elektrisk piano og Bowie heldt fram å støtte dei, men dop-problemet til Iggy heldt fram. Den siste konserten til bandet enda med ein slosskamp mellom bandet og ei gruppe motorsyklistar, noko ein kan høyre på albumet Metallic K.O. Dopmisbruket stoppa karrieren til Iggy igjen i fleire år.

Bowie og Berlin: 1976 til 1978 endre

 
Iggy Pop, 25. oktober 1977 på the State Theatre i Minneapolis.

Etter det andre samanbrotet til The Stooges, gjorde Iggy Pop nokre innspelingar med James Williamson, men desse kom ikkje ut før i 1977 (som Kill City, tilskriven Iggy Pop og Williamson). Pop klarte ikkje å kontrollere dopmisbruket sitt og la seg sjølv inn på ein psykisk institusjon, UCLA’s nevropsykriatiske institutt, for å prøve å kome på beina att. David Bowie var ein av få som vitja han der, og han heldt fram å støtte venen og samarbeidspartnaren sin. Det gjekk òg rykte om at Bowie smugla inn kokain til Pop.[12] I 1976 tok Bowie med seg kompanjongen sin på Station to Station-turneen. Dette var første gong Iggy Pop fekk oppleve ein storskala profesjonell turne og han var imponert, særleg over arbeidskapasiteten til Bowie.

Bowie og Pop flytta så i lag til Vest-Berlin for å kvitte seg med misbruka sine. I 1977 signerte Pop med RCA og Bowie hjelpte han å skrive og produsere The Idiot og Lust for Life, dei to mest kritikarroste albuma til Pop som soloartist. Det sistnemnde var i lag med brørne Hunt og Tony Sales, sønene til komikaren Soupy Sales. Av songane Bowie og Pop skreiv i lag finn ein «China Girl», «Tonight» og «Sister Midnight», alle seinare spelt inn at på ny av Bowie på hans eigne album (sistnemnde som «Red Money» på albumet Lodger). Bowie spelte òg keyboard på konsertane til Pop, og er mellom anna med på albumet TV Eye i 1978. Til gjengjeld song Pop korvokal på Bowie sitt Low.

Arista-albuma: 1979 til 1981 endre

Iggy Pop vart etter kvart misnøgd med RCA og innrømde seinare at han gav ut TV Eye for å oppfylle kontrakten med RCA. Han flytta så til Arista Records der han gav ut New Values i 1979. Dette albumet var ein slags gjenforeining med Stooges med James Williamson som produsent og Scott Thurston, som kom inn på slutten av bandperioden, på gitar og keyboard. Ikkje overraskande var albumet i ein meir gitarprega stil ala the Stooges. Sjølv om det vert høgt verdsett av Iggy-tilhengjarar (somme føretrekk dette føre Bowie-samarbeida), var ikkje New Values ein stor salssuksess, trass i sterke songar som «Five Foot One» og «I'm Bored».

Albumet selde moderat i Australia og New Zealand, og dette førte til at Iggy Pop vitja dei to landa for å promotere albumet der. Medan han var i Melbourne gjorde han ei framferd på Australian Broadcasting Corporation sitt landsdekkande popshow Countdown. Under framføringa av «I'm Bored» gjorde ikkje Pop noko forsøk på å skjule at han mima til songen, og prøvde til og med å grafse på tenåringsjentene i publikum. Han vart òg intervjua av programleiaren Ian "Molly" Meldrum, noko som enda med at songaren hoppa opp og ned på stolen sin og ropte ut ting som «G'day mate» i australsk aksent. Countdown-framferda vert generelt rekna som eit av høgdepunkta i historia til showet og styrkte populariteten hans hos australske punkarar. Sidan då har han ofte turnert i landet. Då han var på New Zealand spelte Iggy Pop inn ein musikkvideo for «I'm Bored» og var på ein fest for plateselskapet der han klaska ei kvinne og helte vin over ein fotograf.[13] Medan han var i Australia var Iggy Pop òg gjest på eit direktesendt fjernsynsshow på Ten Network.

Under innspelinga av Soldier (1980), krangla Iggy Pop og Williamson om produksjonen (sistnemnde ønskte ein fyldig, Phil Spector-liknande lyd) og Williamson fekk sparken. Bowie er med på songen «Play it Safe» og syng korvokal med gruppa Simple Minds. Dette albumet og oppfølgjaren Party (1981) var begge kommersielt mislukka, og Iggy Pop vart sparka frå Arista. Dopmisbruket hans varierte i denne tida, men var likevel til stades.

1980-åra endre

 
Iggy Pop, Cardiff i 1979

I 1980 publiserte Iggy Pop sjølvbiografien sin I NEED MORE, skriven i lag med Anne Weher frå Ann Arbor. Boka, som inneheld ei utval svartkvit-bilete, har eit forord av Andy Warhol. Warhol skriv at han møtte Iggy då han var Jim Osterberg, på Ann Arbor Film Festival i 1966. «Eg skjønar ikkje kvifor han ikkje er verkeleg stor», skreiv den eine Pop-kunstnaren om den andre. «Han er så god».

I 1982 kom albumet Zombie BirdhouseChris Stein sitt Animal-selskap, med Stein sjølv som produsent. Det selde ikkje noko betre enn albuma på Arista, men igjen i 1983, hadde Iggy Pop hellet med seg då David Bowie spelte inn ein versjon av songen «China Girl». Songen som opphavleg vart gjeven ut på The Idiot vart ein stor hit frå det storseljande Bowie-albumet Let's Dance. Som medlåtskrivar av songen, fekk Pop store honorar. På Tonight i 1984, spelte Bowie inn ytterlegare to av songane dei skreiv i lag, denne gongen frå Lust for Life, «Tonight» og «Neighborhood Threat», og Iggy Pop var for ei kort stund sikra finansielt. Støtta frå Bowie gjorde at Pop kunne løyse problema sine og han tok ein tre år lang pause der han kvitta seg med heroinmisbruket sitt og tok skodespelartimar.

I tillegg medverka Iggy Pop med tittelsongen til filmen Repo Man frå 1984 (med Steve Jones, tidlegare frå Sex Pistols, på gitar) samt ein instrumental kalla «Repo Man Theme», som vart spelt under opninga av filmen.

I 1985 spelte Pop inn nokre demoar med Jones. Han spelte desse demoane for Bowie, som var imponert nok til å tilby seg å produsere eit album for Pop: det New Wave-aktige Blah Blah Blah i 1986, med singelen «Real Wild Child», ein cover av «The Wild One», opphavleg innspelt og skriven av den australske rock 'n' roll-pioneren Johnny O'Keefe i 1958. Singelen nådde Topp 10 i Storbritannia og vart ein stor hit verda over, særleg i Australia, der dei siste 20 åra har vore kjenningsmelodien for ABC sitt musikkvideoshow Rage. Det er det næraste Pop har vore kommersiell suksess. Blah Blah Blah var det høgast plasserte albumet Pop gav ut i USA sidan The Idiot i 1977, med ein 75. plass på Billboardlista.

I 1985 kom filmen Rock & Rule med framferder av Iggy Pop og Lou Reed for karakteren Mok. Pop-songen i filmen var «Pain & Suffering» for avslutninga av filmen.[14]

I 1987 var Pop med (i lag med Bootsy Collins) på det nesten instrumentale albumet Neo Geo av den japanske komponisten Ryuichi Sakamoto. Musikkvideoen for «Risky», var skriven og regissert av Meiert Avis, og vann den første prisen for beste nykommar på MTV Video Award. Iggy Pop, som syng på «Risky», er ikkje med i den banebrytande videoen.

Oppfølgjaren til Blah Blah Blah var Instinct (1988), og var ei ny musikalsk retning igjen. Den enkle, gitarbaserte stilen lente seg attende mot the Stooges meir enn noko anna soloalbumet av Iggy Pop frma til då. Plateselskapet hans, som truleg hadde venta seg eit nytt Blah Blah Blah, droppa hans. King Biscuit gjorde eit opptak av Instinct-turneen (med gitaristen Andy McCoy og Alvin Gibbs på bass). I lag med rocke-advokaten Stann Findelle fekk Pop songar på fleire filmar i 1989, som «Living on the Edge of the Night» i Ridley Scott-thrilleren Black Rain og «Love Transfusion» i Wes Craven sin Shocker.

1990-åra endre

I 1990 spelte Pop inn Brick by Brick, produsert av Don Was, med medlemmar av Guns N' Roses og The B-52's som gjester, samt korvokal av fleire lokale grupper frå Hollywood. To av dei, Whitey Kirst og Craig Pike, danna bandet hans på den påfølgjande turneen og spelte i musikkvideoen til «Kiss My Blood», regissert av den verdskjende regissøren Tim Pope og filma i Olympia i Paris. Videoen var kontroversiell sidan han inneheldt mange klipp av Pop som framfører songen med penisen sin synleg for publikum. Albumet var det første albumet hans som selde til gullplate i USA (over 500 000 selde) og inneheldt hans første hit på Topp 40 i USA, «Candy», ein duett med B-52's-songaren Kate Pierson.

I 1990 spelte òg Pop i den kontroversielle operaen The Manson Family av komponist John Moran, der han song rolla som aktoren Vincent Bugliosi. Same året medverka han òg til det veldedige albumet til Red Hot Organization for AIDS Red Hot + Blue og song ein versjon av «Well Did You Evah!» i duett med Deborah Harry.

I 1991 medverka Pop og Kirst med songen «Why Was I Born (Freddy's Dead)» til filmmusikken til filmen Freddy's Dead: The Final Nightmare. Songen vert nytta under rulleteksten.

I 1992 samarbeidde han med Goran Bregović på filmmusikken til filmen Arizona Dream av Emir Kusturica. Pop song fire av songane: «In the Deathcar», «TV Screen», «Get the Money» og «This is a Film». Same året samarbeidde han med bandet White Zombie. Han gjorde ein munnleg intro og avslutning til songen «Black Sunshine», samt spelte rolla som forfattar i videoen til songen.

I 1993 gav Pop ut American Caesar, med to suksessrike singlar, «Wild America» og «Beside You». Året etter medverka Pop til Buckethead-album Giant Robot. Han er òg å høyre på albumet til Les Rita Mitsouko, Système D der han syng duetten «My Love is Bad» med Catherine Ringer.

I 1995 var Pop attende som kjend artist då songen hans «Lust for Life» vart nytta i opningssekvensen til filmen Trainspotting. Ein ny video for songen vart spelt inn med klipp frå filmen og studioopptak av Iggy som dansar med fleire av stjernene i filmen, som Ewen Bremner. Ein Iggy Pop-konsert var òg ein del av plottet i filmen. Songen har òg vorte nytta i fjernsynsreklamar for Royal Caribbean Cruise Lines og som kjenningsmelodi til The Jim Rome Show, eit nasjonalt amerikansk sportsprateprogram.

I 1996 gav Pop ut Naughty Little Doggie, med Whitey Kirst på gitar, og singelen «I Wanna Live». I 1997 miksa han Raw Power på ny for å gje albumet ein røffare og hardare lyd etter at tilhengjarane hans i årevis hadde klaga over at den offisielle Bowie-miksen var grumsete og mangla bass. Pop skreiv i teksten i plateomslaget til den nye utgåva av «alt er no på raudt». Han medproduserte albumet sitt frå 1999, Avenue B med Don Was, og gav ut singelen «Corruption». Pop produserte i 2001 albumet Beat 'Em Up, som gav opphav til The Trolls, og gav ut singelen «Football» med Whitey Kirst og bror hans Alex.

I 1997 skreiv Pop filmmusikken til filmen The Brave.

Tidleg i 1990-åra var Pop fleire gonger gjest på Nickelodeon-showet The Adventures of Pete and Pete. Han spelte der James Mecklenberg, far til Nona Mecklenberg.

The Stooges på ny: 2000-åra endre

I 2003 gav Pop ut albumet Skull Ring med gjesteartistar som Sum 41, Green Day, Peaches og The Trolls, samt Ron og Scott Asheton, og dei tre gjenverande medlemmane av The Stooges var dermed samla att for første gong sidan 1974. Pop gjesta på Peaches-songen «Kick It», samt i videoen. I 2003 gav han òg ut ein ny biografi. Gimme Danger – The Story of Iggy Pop var skriven av Joe Ambrose. Pop samarbeidde ikkje på biografien. Etter Skull Ring samla Pop på ny The Stooges med bassist Mike Watt (tidlegare i the Minutemen) og Fun House-saksofonisten Steve Mackay med i bandet. Dei turnerte jamt og trutt gjennom 2000-åra. I 2004 var Pop oppvarmingsartist for Madonna på verdsturneen hennar Reinvention i Dublin.

Iggy og The Stooges spelte på Glastonbury Festival i juni 2007. Den 10. mars 2008 dukka Pop opp då Madonna vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. I lag med The Stooges song han rustne versjonar av to Madonna-songar «Burning Up» og «Ray of Light». Før han forlet scenen såg han direkte mot Madonna og sa «You make me feel shiny and new, like a virgin, touched for the very first time», frå Madonna-hitten «Like A Virgin». I følgje gitarist Ron Asheton bad Madonna The Stooges å spele i staden for henne, som ein protest mot at Rock and Roll Hall of Fame ikkje hadde innlemma The Stooges trass seks nominasjonar.[15] Pop song òg sin eigen «No Fun» med Asian Dub Foundation på albumet deira Punkara i 2008.

Den 6. januar 2009 vart bestevenen Ron Asheton funnen død av eit tilsynelatande hjarteattak. Han vart 60 år gammal. I 2009 kom James Williamson derfor inn att i bandet etter 29 år.[16]

Den 15. desember 2009 vart det annonsert at The Stooges skulle innlemmast i The Rock and Roll Hall of Fame den 15. mars 2010. Pop hadde «om lag to timar med sterke kjenslemessige reaksjonar» til denne meldinga.[17] I mars 2010 vart the Stooges og Iggy Pop omsider innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[18]

Nyare tid endre

Pop song vokal i 1999 på Death in Vegas-singelen «Aisha». Same året spelte han på Hashisheen, The End Of Law av Bill Laswell, der han las opp tekst på to spor. Han song òg på to songar av At the Drive-In i 2000.

 
Iggy Pop på Beale Street Music Festival, Memphis in May 2007.

I 2005 var Pop i lag med Madonna, Little Richard, Bootsy Collins og Questlove frå The Roots i ein amerikanske fjernsynsreklame for telefonen Motorola ROKR. I 2006 byrja Iggy og The Stooges innspelinga av eit nytt album, The Weirdness, som kom ut i mars 2007.

Forfattar Paul Trynka publiserte tidleg i 2007 ein biografi om Iggy Pop kalla Open Up and Bleed, godkjend av Iggy sjølv. Iggy og the Stooges spelte i bryllaupet til Bam Margera og Pop song på singelen «Punkrocker» med Teddybears i ein fjernsynsreklame for Cadillac. Pop var òg stemma til Lil' Rummy i Comedy Central-teiknefilmen Lil' Bush og stadfesta at han hadde gjort stemmer for American Dad og Grand Theft Auto IV,[19] som òg inneheldt The Stooges-songen «I Wanna Be Your Dog».

Pop gjesta på Profanation (Preparation for a Coming Darkness) av Bill Laswell-gruppa Praxis i 2008.[20]

Han fronta i 2009 ein stor reklamekampanje for Swiftcover.[21]

Pop samarbeidde med Danger Mouse og Sparklehorse på albumet Dark Night of the Soul.

I 2009 gav Pop ut soloalbumet Préliminaires. Det var inspirert av ein roman av den franske forfattaren Michel Houellebecq (fødd Michel Thomas) kalla La Possibilité d'une île. Iggy vart kontakta for å lage musikk til ein dokumentarfilm om Michel og forsøka hans på å lage ein film av romanen. Iggy skildra albumet som «eit rolegare album med element av jazz». Den første singelen frå albumet, «King of the Dogs», minna om New Orleans jazz-artistar som Louis Armstrong og Jelly Roll Morton.

Iggy syng «We're All Gonna Die» på det første soloalbumet til Slash, Slash som kom ut i april 2010.[22]

Iggy har ei rolle i videospelet Lego Rock Band der han syng songen sin «The Passenger». Han lånte òg stemma si til opplæringsdelen av spelet.[23]

Etter ei stage diving-ulukke i mars 2010, hevda Pop at han ikkje lenger kunne gjere dette lenger. Men han utførte likevel stage dive ved tre høve på ein konsert i Madrid månaden etter og seinare.[24]

I 2011 slo han seg saman med The Lilies, eit samarbeid mellom Sergio Dias frå Os Mutantes og den franske gruppa Tahiti Boy & The Palmtree Family for å spele inn singelen «Why?».

 
Iggy Pop på britiske Hop Farm Festival juli 2011

Den 7. april 2011, 63 år gammal, spelte Pop «Real Wild Child» i den 10. sesongen av American Idol. Los Angeles Times skildra framferda til Pop som «framleis magnetisk, framleis forstyrrande»[25]

Filmkarriere endre

Pop har hatt ein liten karriere som skodespelar. Han har spelt i seksten filmar, som Sid and Nancy, The Color of Money, Hardware (berre stemme), The Crow: City of Angels, The Rugrats Movie, Snow Day, Coffee and Cigarettes (i samtale med Tom Waits), Cry-Baby, Dead Man, Tank Girl og Atolladero, ein spansk science fiction western. Pop syng òg temasongen for Atolladero, han er stemma til The Beast From Another Dimension i animasjonsfilmen Rock & Rule og syng der òg songen «Pain and Suffering».

Han har vore med i fem fjernsynsseriar, som Tales from the Crypt, The Adventures of Pete & Pete, der han spelte faren til Nona i den andre og tredje sesongen, og Star Trek: Deep Space Nine, der han spelte Yelgrun i ein episode. Med The Stooges var han med i ein episode av MTV-serien Bam's Unholy Union som hovudbandet som spelte i bryllaupet til Bam Margera. Ein del av musikkvideoen til Iggy sin «Butt Town», var med i ein episode av Beavis and Butthead.

Pop er omtalt i minst fire rockumentarar og har hat songar på minste 18 filmmusikkalbum, som Crocodile Dundee 2, Trainspotting, Lock, Stock and Two Smoking Barrels, Haggard, Arizona Dream, hovudtemaet i Repo Man, Black Rain og Shocker (1989) og Kurt Cobain: About a Son.

I filmen Velvet Goldmine spelar Ewan McGregor Curt Wilde, ei rolle som er laust basert på Iggy Pop. McGregor framfører Pop-songane «TV Eye» og «Gimme Danger» i filmen.

Pop hadde stemma til Lil' Rummy på Comedy Central-showet Lil' Bush.

Iggy Pop spelte seg sjølv som DJ på den fiktive radiostasjonen Liberty Rock Radio 97.8 i videospelet Grand Theft Auto IV. Iggy Pop hadde òg ei stemme i videospelet DRIV3R i 2004.

Pop hadde stemma til ein karakter i den engelskspråklege versjonen av animasjonsfilmen Persepolis.

Iggy Pop hadde òg stemma til trommeslagaren Jerry i ein episode av American Dad!.

Iggy dukka opp i ein dokumentar av Nik Sheehan om Brion Gysin og Dreamachine kalla 'FLicKeR' i 2008.

I 2008 vart musikken til Iggy nytta i filmutgåva av Irvine Welsh-romanen Ecstasy: Three Tales of Chemical Romance.

Iggy Pop var i lag med Greta Gerwig (Noah Baumbach's Greenberg, Baghead, Nights and Weekends) i filmen Art House i 2010.

I 2010 vart the Stooges-songen «Search and Destroy» nytta i episode 4 av Lost: Final Chapter.[26]

Iggy sin versjon av Richard Berry-songen «Louie Louie» under opninga av Michael Moore-filmen Capitalism: A Love Story

I februar 2009 spelte Iggy Pop rolla Victor i filmen Suck.

Iggy har arbeidd med Johnny Depp i fleire filmar. Dei spelte i lag i Cry-Baby og Dead Man, og Iggy skreiv musikk til The Brave, som var regissert av Depp.

I videospelserien Super Mario Bros. er karakteren Iggy Koopa kalla opp etter Iggy Pop.

Diskografi endre

Album endre

Med The Stooges endre

Med James Williamson endre

Solo endre

Personleg liv endre

Pop bur på Caymanøyane. Han har ein son, Eric Benson. Han var gift to gonger: til Wendy Weissberg (i fleire veker i 1968, før ekteskapet kor tid etter vart annullert)[27] og til Suchi Asano (1985–1999).[28]

I 1990-åra utvikla Iggy Pop eit venskap med Johnny Depp, Jim Jarmusch og tatoveringskunstnaren Jonathan Shaw.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 AOL Music Biography Arkivert 2009-08-16 ved Wayback Machine.. Henta 12. okt. 2011.
  2. «Iggy Pop announces release date for 'jazz' album | News». Nme.Com. 26. mars 2009. Henta 12. oktober 2011. 
  3. «The Stooges Reunion at Coachella 2003». Iggypop.org. Henta 12. oktober 2011. 
  4. «Music Tidbits: Iggy Pop». Neatorama.com. 9. mars 2009. Henta 12. oktober 2011. 
  5. «Iggy Pop | Bio, Pictures, Videos». Rolling Stone. Henta 12. oktober 2011. 
  6. «Iggy Pop». Rock On The Net. Henta 30. september 2011. 
  7. Trynka (2007): s.13–14
  8. 8,0 8,1 8,2 Simmons, Todd. «Limping with the Stooges in Washington Heights – The Brooklyn Rail». Brooklynrail.org. Henta 12. oktober 2011. 
  9. 9,0 9,1 Ambrose, Joe (2004). Gimme danger: the story of Iggy Pop. Omnibus Press. s. 2. ISBN 1844493288. 
  10. «Weasel interviews Iggy Pop». WHFS, Bethesda, MD, USA. desember 1980. Henta 12. oktober 2011. 
  11. «David Bowie and Iggy Pop Meet At Max's Kansas City». Max's Kansas City. September 17, 2008. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 13. oktober 2011. 
  12. «David Bowie and Iggy Pop on the glam in Berlin». Daily News (New York). March 30, 2008. Arkivert frå originalen 6. mars 2009. Henta 12. oktober 2011. 
  13. The Dominion, July 16, 1979. "Iggy Pop sets tour scene" av Jane Clifton
  14. Scott, Casey. «Rock & Rule». Henta July 1, 2007. 
  15. Why the Stooges performed for Madonna, arkivert frå originalen 14. mars 2008, henta 13. oktober 2011 
  16. «Early Retirement Helped James Williamson Rejoin the Stooges». Spinner.com. 12. mars 2010. Arkivert frå originalen 12. august 2011. Henta 13. oktober 2011. 
  17. Iggy Pop on His "Emotional Reaction" to the Stooges' Hall of Fame Induction Rolling Stone December 15, 2009, arkivert frå originalen 18. desember 2009, henta 13. oktober 2011 
  18. Up for Discussion Jump to Forums (March 15, 2010). «Stooges, Genesis, ABBA Enter Rock Hall of Fame in NYC Ceremony». Billboard.com. Henta 13. oktober 2011. 
  19. Iggy Pop on Lil' Bush and The Stooges
  20. [1] (på japansk)
  21. «Iggy Pop to front £25 million car insurance ad campaign». Easier. January 2, 2009. Henta 13. oktober 2011. 
  22. «Josh Freese confirms that Iggy Pop is on Slash's album». Musicradar.com. 9. juli 2009. Henta 13. oktober 2011. 
  23. McWhertor, Michael (September 12, 2009). «Who Wants Some Shirtless Iggy Pop In Their LEGO Rock Band? | Kotaku Australia». Kotaku.com.au. Henta 13. oktober 2011. 
  24. «CANOE – JAM! Music: Iggy Pop quits stage diving». Jam.canoe.ca. March 22, 2010. Henta 13. oktober 2011. 
  25. Roberts, Randall. «Iggy Pop on 'American Idol': Still magnanamis, still disturbing the American populace with 'Real Wild Child'». The L.A. Times Music Blog, "Pop & Hiss". Tribune Company. Henta 13. oktober 2011. 
  26. «The Substitute – Lostpedia – The Lost Encyclopedia». Lostpedia.wikia.com. Henta 13. oktober 2011. 
  27. «Is Iggy Pop married? - Yahoo! Answers». Answers.yahoo.com. Arkivert frå originalen 8. juli 2012. Henta 12. oktober 2011. 
  28. «Iggy Pop». Nndb.com. Henta 12. oktober 2011. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Iggy Pop