Ziganapasset (tyrkisk Zigana Geçidi) er ein fjellovergang i Dei pontiske fjella i provinsen Gümüşhane nær grensa til provinsen Trabzon nordaust i Tyrkia. Passet ligg 2032 meter over havet langs D-885 og Europaveg 97, 60 km frå Gümüşhane og 120 km frå Trabzon ved kysten av Svartehavet. Passet er dekt av snø fem månader av året.[1]

Ziganapasset
Zigana Geçidi
fjellovergang
Land  Tyrkia
Provins provinsen Gümüşhane
Fjellkjede Dei pontisk fjella
Høgd 2 032 moh.
Koordinatar 40°38′56″N 39°23′34″E / 40.64889°N 39.39278°E / 40.64889; 39.39278
Gjennomfartsåre D-885, E97
Kart
Ziganapasset
40°38′56″N 39°23′34″E / 40.649°N 39.3928°E / 40.649; 39.3928
Kart som viser Ziganapasset.
Kart som viser Ziganapasset.
Kart som viser Ziganapasset.

Ziganatunnelen under passet, 1795 meter over havet, er 1702 meter lang og er ein av dei lengste tunnelane i landet.[2]

Landsbyen Zigana, ligg 3,5 km sørvest for tunnelen og er eit populært skiområde.[1]

25. januar 2009 tok eit snøras livet av 11 turgåarar ved Ziganafjellet.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «En güzel 10 kar manzarası-En iyi 10:1. Zigana Geçidi-Gümüşhane». Hürriyet (på tyrkisk). 13. januar 2006. Henta 8. august 2012. 
  2. Özdemir, Ulaş (1. april 1999). «Zigana Tüneli tehlike saçıyor». Milliyet (på tyrkisk). Henta 8. august 2012. 
  3. «Avalanche kills 10 at Turkish ski resort». CNN. 25. januar 2009. Henta 8. august 2012. [daud lenkje]