Zikim
Zikim (hebraisk skrift זִיקִים) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nord i Negevørkenen og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 385 innbyggjarar.
Zikim | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nord-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Hof Ashkelon | ||
Koordinatar | 31°36′28.44″N 34°31′18.47″E / 31.6079000°N 34.5217972°E | ||
Folketal | 625 (2015) | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | rumenske immigrantar frå Hashomer Hatzair | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Zikim 31°36′28″N 34°31′18″E / 31.6079°N 34.521797222222°E | |||
Kart som viser Zikim.
| |||
Wikimedia Commons: Zikim |
Zikim vart grunnlagd av unge rumenske jødar i 1947 og har tiltrekt seg medlemmar frå Hashomer Hatzair frå heile verda, inkludert skodespelaren Bob Hoskins i 1967.
Historie
endreKibbutzen vart grunnlagd av ei gruppe unge rumenske jødar som høyrte til Hashomer Hatzair før dei kom til Palestina i 1947. På den tida var det få jødiske busetjingar i Negev, og kvar stad vart rekna som eit «lyspunkt» (zik) i audemarka. Michael Har-Segor, seinare ein israelsk historikar, kom på namnet medan han sat i fengsel i Romania for aktivitetane sine i Hashomer Hatzair. Han sa han omsette eit sitat frå Pusjkin til hebraisk: «Frå gneistar skal det kome ein flamme.»[1]
Zikim har trekt til seg medlemmar frå Hashomer Hatzair frå heile verda, i nyare tid frå Sør-Amerika. Skodespelaren Bob Hoskins arbeidde som frivillig i Zikim i 1967. I 2006 råka ein Kassam-rakett frå nordlege Gaza ein madrassfabrikk i Zikim. Islamsk Jihad tok på seg ansvaret for åtaket.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zikim» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Past Perfect, Haaretz
- ↑ «Kassam hits factory in Kibbutz Zikim», The Jerusalem Post | JPost.com (på engelsk), henta 6. juni 2021
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)