Ein zink (òg zinke eller sink, italiensk cornetto, engelsk cornett) er eit historisk musikkinstrument med blomstringstid tidleg på 1600-talet. Han vart vanlegvis laga av tre, sjeldnare av elfenbein, var åttekanta og med skinnovertrekk og hadde seks fingerhol og eit tommelfingerhol. Han vert i dag klassifisert som eit messingblåseinstrument.

Zinker, illustrasjon frå Syntagma musicum, Bd. 2, 1619
Stille alt-zinke (med innfrest munnstykke, krum zinke, tenorzinke

Ofte vert zinken sett på som ein mellomting mellom blokkfløyte og trompet. Frå 1400-talet til midten av 1600-talet var zinken eit av dei viktigaste musikkinstrumenta med ry på seg til å kunne imitere den menneskelege stemma.

Byggemåtear endre

Zinken vert vanlegvis stemt i middeltone temperering og derfor er litteraturen vanlegvis avgrensa til toneartar opp til to forteikn.

Til grunn for ein zinkekonstruksjon ligg eit konisk røyr med sju hol. Ulike typar er:

  • krum zinke (cornetto curvo), lett krumma utført i to uthola, samanlimte og lærovertrekte halvdelene, vanlegvis i følgjande storleikar:
    • i eit normalt sopranleie (cornetto) – djupaste tone er a. G-grep.
    • den mindre diskant- eller kvartzinken (cornettino) i eit høgare toneleie.
    • tenorzinke i eit djupare toneleie, lengre og vanlegvis krumma i s-form.
  • rett zinke (cornetto diritto) er sjeldne.
  • stille zinke (Cornetto muto) er rette og laga i eit stykke tre med utfrest munnstykke som ikkje kan takast av. Volumet er lågare og tonen mindre skarp enn for dei andre variantane
  • serpent er ei bassform av instrumentfamilien.

Komponistar som har skrive for zinke endre

Kjelder endre