Zjdanovismen eller Zjdanov-doktrinen i Sovjetunionen var ei streng, kulturell styringslinje som vart utvikla av sekretæren i sentralkommitéen, Andrej Zjdanov, i 1946.

Hovudinnhaldet endre

Doktrinen slo fast at verda var delt inn i to leirar: den imperialistiske leiren med Sambandsstatane i førarstillinga og den demokratiske leiren med Sovjetunionen som leiar. Hovudprinsippet i doktrinen vart ofte oppsummert med den fylgjande utsegna: «Den einaste konflikten som er mogleg i sovjetisk kultur, er konflikten mellom det gode og det beste.» Zjdanovismen utvikla seg raskt til å bli ei kulturell styringslinje i unionen. Dette førte til at sovjetiske kunstnarar, forfattarar og høgt utdanna personar måtte retta seg etter partilinja i sine kreative verk. Kunstnarar som ikkje overheldt ynska til regjeringa, risikerte forfylging. Doktrinen var strengast dei fyrste åra, fram til 1952.

Konsekvensar endre

Resolusjonen til Sentralkommitéen frå 1946 var retta mot to litterære magasin, Leningrad og Zvezda. Blada skulle ha trykt "a-politiske og spissborgarlege" individualistiske verk av satirikaren Mikhail Zosjtsjenko og lyrikaren Anna Akhmatova. Tidlegare hadde nokre litteraturkritikarar og -historikarar blitt strengt åtvara for å ha skrive at russiske klassikarar hadde vorte influert av Jean-Jacques Rousseau, Molière, Lord Byron eller Charles Dickens.

Eit nytt vedtak vart gjort den 10. februar 1948 og markerte byrjinga på den såkalla anti-formalismekampanjen. Kampanjen var formelt retta mot operaen «Den store venskapen» av Vano Muradeli, men signaliserte utstrekt kritikk og forfylging av mange av dei fremste komponistane i Sovjetunionen. Dei best kjende døma på dette er Dmitrij Sjostakovitsj, Sergej Prokofjev og Aram Khatsjaturjan, som vart stempla for å bruka "formalisme" i musikken sin. Ein fylgde opp vedtaket i april ved ein spesialkongress i Komponistunionen der mange av dei som var blitt skulda, vart pressa til å be om offentleg orsaking. Kampanjen vart seinare satirisert over av Sjostakovitsj i stykket Antiformalist Rajok. Komponistane vart brakt til heider og vyrde igjen frå det offentlege den 28. mai 1958, etter eit nytt vedtak.

I Folkerepublikken Kina vart Zjdanovismen driven endå lenger enn i Sovjet, under Kulturrevolusjonen på 1960- og 1970-talet.

Kjelde endre