Mikhail Zosjtsjenko

russisk skribent

Mikhail Mikhajlovitsj Zosjtsjenko (10. august 189422. juli 1958) var ein russisk forfattar.

Mikhail Zosjtsjenko

Fødenamn Михаи́л Миха́йлович Зо́щенко
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 28. juli 1894
St. Petersburg
Død

22. juli 1958 (63 år)
St. Petersburg

Yrke skribent, journalist, dramaturg, omsetjar, manusforfattar
Medlem av Den sovjetiske forfatterforeningen
Far Mikhail Ivanovich Zoshchenko
Mikhail Zosjtsjenko på Commons

Liv og verk endre

 
Zosjtsjenko i 1915/1916.

Zosjtsjenko vart fødd i St. Petersburg, som son av ein målar og ei skodespelarinne, og voks opp med sju sysken. Etter å ha fullført gymnaset studerte han frå 1913 til 1915 på det juridiske fakultetet i St. Petersburg. På denne tida skreiv han sine første forteljingar. Han avbraut studiane og melde seg frivillig som soldat i den første verdskrigen i 1915. I 1917 vart han dimittert frå hæren etter å ha vorte skada i eit gassangrep.

Etter den russiske revolusjonen tok Zosjtsjenko del i den russiske borgarkrigen som soldat i den raude arméen i 1918/19. Etter krigen livnærte han seg på forskjellig vis, og begynte å skriva meir frå 1920 av. Fleire av forteljingane hans vart trykte i satiriske tidsskrift i NEP-perioden. Ei første novellesamling kom ut i 1922, med tittelen Nazar Iljitsj, herre av Sinebrjukhov sine forteljingar (Рассказы Назара Ильича, господина Синебрюхова). Dei tragikomiske forteljingane vart godt mottekne av publikum og kritikarar. Den nye sovjetiske heltetypen, sovjetmennesket som kjempa seg gjennom kvardagen, kom òg til uttrykk i Zosjtsjenko sine forteljingar. Han nytta ein kvasi-munnleg forteljarstil, såkalla skas, som Gogol hadde nytta før han, og ofte svært enkelt språk. Han skreiv òg barneforteljingar, mellom anna om Lenin. Utover 1920-talet vart han ein av dei mest lesne forfattarane i Sovjetunionen, og forteljingane hans kom ut i høge opplag i samlingar, tidsskrift og aviser.

Etterkvart vende Zosjtsjenko seg vekk frå dei korte forteljingane og skreiv større verk. Han fjerna seg òg frå satire og humor, og eksperimenterte med ulike forfattargrep.

Under den andre verdskrigen vart Zosjtsjenko evakuert frå det kringsette Leningrad til Almaty i Kasakhstan, og arbeidde i filmstudio der. Etter at kringsetjinga var broten i 1944, vende han attende til Leningrad og tok opp att forfattargjerninga si der.

Etter andre verdskrigen vart Zosjtsjenko eit offer for stalinismen, då arbeidet hans kom under sterk kritikk. Partisekretæren i Leningrad, Andrej Zjdanov, omtala den nye boka hans, Før soloppgang (Перед восходом солнца), som «eit ekkelt verk». Verka hans vart ikkje lenger trykte, og han vart ekskludert frå den sovjetiske forfattarforeininga i 1946. Frå 1946 til 1953 fekk han berre jobba som omsetjar. Først etter Stalins død i 1953 vart han rehabilitert og tatt opp att i forfattarforeininga, og i 1956, to år før han døydde, kom det i Sovjetunionen ut eit samlingsverk av forfattarskapen hans.

Kjeldee endre