Zjombolok (russisk Жомболок) er ei elv i Burjatia i Russland og ei av sideelvane til Oka frå venstre.

Zjombolok
elv
Land  Russland
Lengd 60 km
Middelvassføring 20 /s
Kjelde Aust-Sajan
Munning Oka
Kart
Zjombolok
52°45′23″N 99°15′21″E / 52.756425°N 99.25576°E / 52.756425; 99.25576
Wikimedia Commons: Zjombolok

Elva spring ut frå Aust-Sajan og renn først gjennom ein trong dal mot sørvest før ho snur nordaustover. Ved innsjøen Olon-Noor vert dalen som elva renn gjennom 800 til 1000 meter brei og lenger nede 1500-2000 meter brei. Sjølve elva er 10-12 meter brei, men stundom renn ho gjennom trongare passasjar som berre er fem meter breie. Om sommaren held vasstemperaturen 8-10 °C.

Zjombolok munnar ut i Oka om lag 60 km frå landsbyen Orlik.

Kjelder

endre