Oka (russisk Ока) er ei elv i Aust-Sibir i republikken Burjatia og Irkutsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Angara frå venstre. Elva er 630 km lang med eit nedslagsfelt på 34 000 km². Ho spring ut frå dei austlege Sajanfjella lengst vest i Burjatia og renn inn i Irkutsk oblast på veg nordover. Ho munnar ut i Bratsk-reservoaret i Angara. Middelvassføringa hennar her er 274 m³/sek.

Oka
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 34 000 km²
Lengd 630 km
Middelvassføring 274 /s
Munning Angara
Kart
Oka ved Angara
55°30′55″N 102°20′54″E / 55.515415°N 102.348404°E / 55.515415; 102.348404
Wikimedia Commons: Oka River (Siberia)

Oka er ei populær elv for rafting.

Dei største sideelvane hennar er Sentsa og Zjombolok.

Av buesetnader langs elva finn ein Zima, Orlik og Sajansk

Kjelder endre