Zjukopa
Zjukopa (russisk Жуко́па) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå høgre, som ein av dei første store sideelvane hennar. Elva er 96 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 340 km².
Zjukopa | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 340 km² | ||
Lengd | 96 km | ||
Munning | Volga | ||
Zjukopa 56°53′11″N 32°45′44″E / 56.88638889°N 32.76222222°E |
Den største sideelva til Zjukopa er Tiuzma frå høgre.
Zjukopa spring ut frå Valdajhøgdene nær landsbyen Fedorovskoje og nær vasskiljet mellom Volga og elvane som renn ut i Austersjøen. Zjukopa munnar ut i Volga mellom innsjøane Peno og Volga nær staden Zjukopa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Жукопа» frå Wikipedia på russisk, den 2. november 2008.