Zlatko Dedič
Zlatko Dedič (fødd 5. oktober 1984 i Bihać i Bosnia-Hercegovina) er ein slovensk fotballspelar som hausten 2011 spela i angrep for det tyske laget Dynamo Dresden i 2. Bundesliga, på lån frå Bochum i 1. Bundesliga, og for det slovenske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 5. oktober 1984 (40 år) | ||
Fødestad | Bihać i Jugoslavia | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Dynamo Dresden | ||
Nummer | 22 | ||
Ungdomsklubbar | |||
-2000 | Koper | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2000-01 2001-06 2004-05 2006 2007-09 2008 2009- 2011- |
Koper Parma Empoli (lån) Cremonese (lån) Frosinone Piacenza (lån) Bochum D. Dresden (lån) |
3 (0) 16 (0) 10 (0) 17 (5) 63 (13) 22 (10) 49 (8) 0 (0) | |
Landslag | |||
-2006 2004- |
Slovenia U21 Slovenia |
- 37 (6) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. mai 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. august 2011 |
Dedič voks opp nær Koper i Slovenia. Han drog til Parma i Italia i 2000, men slo aldri gjennom i Serie A. I staden spelte han på lån i fleire Serie B-klubbar, og frå 2007 permanent for Serie B-klubben Frosinone. Sommaren 2009 gjekk han til Bochum i tysk Bundesliga. Han skåra fem mål i den første sesongen sin der, då klubben rykte ned i 2. Bundesliga.
Dedič debuterte for Slovenia sitt A-landslag 28. mars 2008 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Tsjekkia. Han skåra vinnarmålet i den avgjerande playoff-kampen mot Russland, som sikra deltaking i fotball-VM i 2010 for Slovenia.