Zonguldak er ein by og administrasjonssenter i provinsen Zonguldak i Svartehavs-regionen i Tyrkia. Han blei grunnlagd i 1849 som hamneby for kolgruvene i nærleiken i Ereğli, og kolhandel har halde fram som ei viktig næring. Ved folketeljinga i 2009 hadde Zonguldak eit folketal på 108 792.

Zonguldak
by
Zonguldak sentrum
Land  Tyrkia
Region Svartehavsregionen
Provins Zonguldak
Koordinatar 41°27′N 31°47′E / 41.450°N 31.783°E / 41.450; 31.783
Areal 272 km²
Folketal 108 000 [1]
 •  storby 287 321
Grunnlagd 1849
Tidssone EET (UTC+2)
 •  Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 67xxx
Retningsnummer (+90) 372
Bilnummer 67
Kart
Zonguldak
41°27′00″N 31°47′00″E / 41.45°N 31.783333333333°E / 41.45; 31.783333333333
Kart som viser Zonguldak.
Kart som viser Zonguldak.
Kart som viser Zonguldak.
Wikimedia Commons: Zonguldak
Nettstad: http://zonguldak.yerelnet.org.tr/

Klima

endre

Zonguldak har eit maritimt klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb); med nedbør fordelt jamt utover året. Somrane er varme og fuktige, og normaltemperaturen er kring 21°C i juli og august. Vintrane er kjølige og fuktige, og normaltemperaturen er kring 6 °C in januar og februar.

Det er forholdsvis vanleg med snø mellom desember og mars, og snøen ligg gjerne ei veke eller to.

Vasstemperaturen er som langs heile den tyrkiske svartehavskysten låg og svingar mellom 8° og 20°C gjennom året.

Vêrdata for Zonguldak
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 9,1 9,1 10,9 15 18,7 23,1 25,1 25,2 22,3 18,5 14,7 11,2 16,9
Gjennomsnittleg min °C 3,6 3,2 4,8 8,2 12 16 18,2 18,4 15,5 12,3 8,5 5,6 10,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 133,1 85,8 87,8 57,5 51,3 71,2 81,3 88,4 122,5 153,3 147,3 153,8 1 233,3
Gns. solskinstimar i månaden 65,1 78,4 127,1 162 232,5 288 316,2 291,4 225 155 99 68,2 2 107,9
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]

Kjelder

endre
  1. «Zonguldak» (på tyrkisk). YerelNet. Arkivert frå originalen 23. februar 2012. Henta 29. mai 2011. 
  2. «Zonguldak». Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü. Henta 17. mars 2011.