Zoot Suit
Singel av The High Numbers (The Who)
B-side

«I'm the Face»

Språk engelsk
Utgjeve 3. juli 1964
Innspelt Juni 1964
Studio Fontana i London i England
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 1:59
Selskap Fontana
Komponist Peter Meaden
Tekstforfattar Peter Meaden
Låtskrivar(ar) Peter Meaden
Produsent Chris Parmeinter
Peter Meaden
The High Numbers (The Who)-kronologi 
Zoot Suit «I Can't Explain»
(1965)


«Zoot Suit» var den første singelen til det engelske rockebandet The Who, medan dei enno vart kalla The High Numbers.

Songen vart skriven av Peter Meaden, manageren til bandet på denne tida, men det meste av musikken vart kopiert frå amerikanske soulplater, songen «Misery» av The Dynamics.[1] Singelen vart meint for mod-rørsla og slo ikkje til på listene.[2] Bandet hadde før singelen kom ut hatt namnet The Who, og etter singelen kom ut gjekk dei tilbake til dette namnet, fann nye managerar og gav ut sin sjølvskrivne «I Can’t Explain», som vart ein hit i Storbritannia.

Songen og B-sida «I'm the Face» vart nytta i filmen Quadrophenia, som er basert på albumet deira Quadrophenia frå 1973.

Kjelder endre

  1. Mat Snow (2 Nov 2015). The Who: Fifty Years of My Generation. Race Point Publishing. s. 24. 
  2. «The Who Official Band Website - Roger Daltrey, Pete Townshend, John Entwistle, and Keith Moon | | Zoot Suit». Thewho.com. 3. juli 1964. Henta 12. september 2019.