I Can’t Explain
I Can't Explain Singel av The Who | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. januar 1965 (Storbritannia) Desember 1964 (USA) | |
Innspelt | November 1964 | |
Studio | IBC Studios, London[1] | |
Sjanger | Power pop[2] | |
Lengd | 2:04 | |
Selskap | Brunswick | |
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
Produsent | Shel Talmy | |
The Who-kronologi | ||
«Zoot Suit» (1964) |
I Can't Explain | «Anyway, Anyhow, Anywhere» (1965)
|
«I Can't Explain» er ein song av det engelske rockebandet The Who, skriven av Pete Townshend og produsert av Shel Talmy. Songen vart gjeven ut på singel 15. januar 1965 i Storbritannia og desember 1964 i USA.
Bakgrunn
endre«I Can't Explain» vara den første singelen gruppa gav ut under namnet The Who. Den førre singelen deira, «Zoot Suit»/«I'm the Face», kom ut under namnet The High Numbers. I eit plateomslag forklarte ein gong Townshend likskapen til den samtidige hitten «All Day and All of the Night» av The Kinks: «Det er ikkje ein rein Kinks-kopi. Han kom ut av hovudet mitt då eg var 18 og eit halvt.» I ei utgåve frå 1994 av magasinet Q snakka Roger Daltrey om Kinks-innverknaden:
Me visste alt at Pete kunne skrive songane, men det verka ikkje naudsynt på den tida å ha dine eigne greier, fordi det var eit vell av uhøyrt musikk frå Amerika. Men så byrja band som The Kinks å slå gjennom, og dei var truleg den største inspirasjonskjelda vår - dei var heilt klårt ei inspirasjonskjelde på Pete, og han skreiv 'I Can't Explain', ikkje som ein direkte kopi, men heilt klårt som ein avart av musikken til Kinks.[1]
I eit intervju i mai 1974 med Creem sa Jimmy Page at han spelte rytmegitar på songen som studiomusikar[3]. Dette vart stadfesta av Pete Townshend og produsenten Shel Talmy.[4] I følgje dei som arbeidde på innspelinga, skal derimot ikkje bidraget til Page ha kome med på den endelege utgåva.[5] I 2004 sa han «eg var på 'I Can't Explain', men spelte berre rytmegitar i bakgrunnen. Hovudriffet var berre Pete. Han brølte, mann.» Page spelte òg på B-sida, «Bald Headed Woman».[6]
The Who har ofte spelt «I Can't Explain» på konsertane sine, ofte som opningsslåt.
I eit intervju med Rolling Stone i 2015 omtalte Townshend «I Can't Explain» som «ein song skriven av ein 18-åring om at han ikkje klarar å fortelje kjærasten at han elskar ho fordi han har teken for mange Dexedrine-tablettar.»[7] I sjølvbiografien sin Who I Am fortalte Townshend at han kom opp med songen etter å ha fått beskjed frå managerane Kit Lambert og Chris Stamp om å skrive originale songar for det lovande bandet sitt. Han låste seg inne på rommet og lytta til Bob Dylan, Charles Mingus, John Lee Hooker og Booker T. & the M.G.'s, og prøvde å oppsummere kjenslene musikken gav han, men tanken som kom opp oftast var at han «ikkje kunne forklare». Dermed kom det første verset. Etter å ha møtt produsenten Shel Talmy lytta Townshend til «You Really Got Me» og prøvde å lage resten av «I Can't Explain» ein kjærleikssong liknande The Kinks i håp om å gjere Talmy nøgd.[8]
Mottaking
endreSongen er rangert på niandeplassen på Pitchfork Media si liste over dei «200 beste songane frå 1960-åra»,[9] 59. plassen på magasinet Spin's si liste over dei 100 beste singlane gjennom tidene,[10] og 380. plassen på Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Salslister
endre«I Can't Explain» kom først inn på UK Singles Chart 20. februar 1965 på ein 45. plass, og nådde åttandeplassen 17. april 1965. Songen låg i alt 13 veker inne på lista.[11] Singelen gjorde det ikkje like bra på Billboard Hot 100, der han berre nådde 93. plassen.[12]
Medverkande
endreThe Who
- Roger Daltrey – solovokal, tamburin
- Pete Townshend – sologitar, korvokal
- John Entwistle – bass, korvokal
- Keith Moon – trommer
Andre medverkande
- The Ivy League – korvokal, klapping
- Perry Ford – piano
- Jimmy Page – 12-strengs rytmegitar (berre med på innspelinga, bidraget vat ikkje nytta i den endelege miksen)[13][5]
Andre versjonar
endre- Eit utdrag av songen vart spelt av Elton John på utgåva av hans av «Pinball Wizard» for filmmusikken til filmen Tommy frå 1975.
- The Scorpions spelte inn ei utgåve av songen i 1989 for samlealbumet Best of Rockers 'n' Ballads. Denne utgåva vart gjeven ut på singel.
- David Bowie spelte inn ei utgåve av songen for albumet hans Pin Ups i 1973.
- Yvonne Elliman spelte inn ein versjon i 1973, på albumet hennar Food of Love. Pete Townshend spelte sologitar på innspelinga.
- Rex Smith spelte inn ein versjon for albumet sitt, Rex in 1976.
- Leif Garrett gav ut ein versjon av songen i 1980 på albumet hans, Can't Explain.[14]
- The Clash nytta hovudriffet som grunnlag for to av songane sine, «Guns On The Roof», og «Clash City Rockers».
- You Am I spelte inn ein versjon som B-side på singelen «Berlin Chair» i 1994.
- Fatboy Slim sampla hovudriffet frå Yvonne Elliman si utgåve på songen «Going Out of My Head» i 1997.
- The Hives nytta eit liknande riff på songen deira «Walk Idiot Walk» i 2004.
- Chapter24 nytta riffet i songen «Song That Dies Too Much» i 2006.
- I 2008 spelte Incubus songen for VH1 Honors The Who.
- Iggy Pop spelte inn songen for Who Are You - An All-Star Tribute to The Who.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Can’t Explain» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Bauldie, John. «Feature: B-Nnanngg!». Q (EMAP Metro Ltd) (Q96, September 1994): 90.
- ↑ Kitts, Jeff; Tolinski, Brad (2002). Guitar World Presents the 100 Greatest Guitarists of All Time: From the Pages of Guitar World Magazine. Hal Leonard Corporation. s. 21. ISBN 0-634-04619-5.
- ↑ Kent, Nick (May 1974). «CREEM—May 1974». Creem Media, Inc. Arkivert frå originalen 26. oktober 2009. Henta 12. september 2019.
- ↑ Unterberger, Richie. «SHEL TALMY». Richie Unterberger. Henta 12. september 2019.
- ↑ 5,0 5,1 Rock History: Recording Sessions in Rock, Neil Albert, pg 223, «I can't explain». Highland Publishing, UK.
- ↑ Murray, Charles Shaar (August 2004). «The Guv'nors». Mojo (129): 71.
- ↑ Greene, Andy. Who's Done? Pete Townshend's Ambivalent Farewell. Arkivert 2017-10-12 ved Wayback Machine.. Rolling Stone. 7. mai 2015. Henta 12. september 2019.
- ↑ Townshend, Pete (2012). Who I Am. HarperCollins. s. 71–2. ISBN 978-0062127242.
- ↑ Pitchfork's 200 Greatest Songs of the 1960-åra[daud lenkje]
- ↑ Spin
- ↑ «The Who – I Can't Explain». Chart Stats. Henta 12. september 2019.
- ↑ «Charts & Awards > Billboard Singles > I Can't Explain». Allmusic. Henta 12. september 2019.
- ↑ The Who (2002). My Generation (booklet). Decca Records. s. 26. 112 926-2.
- ↑ «Leif Garrett, Can't Explain». Henta 16. desember 2016.
381: «Marquee Moon» Television |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 380 «I Can't Explain» The Who |
379: «The Wind Cries Mary» Jimi Hendrix |